Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

«Vinden blæs dit han vil; – «

arvo-h301.jpg

Arvo Pärt: Te Deum

 

Det var ein mann som heitte Nikodemus; han var farisear og ein av rådsherrane åt jødane. Han kom til Jesus om natta …..

 Det er natta med alle sine tause klangar.

Spørsmål. Svar. Våge å spørje. Svar som ikkje er vegs ende, men portar som opnar seg vidare.

Å lytte.

Å lytte til Jotunheimar av musikk som er stille, i måneskinnet om natta, toppane som stikk opp over det låge skylaget. Galdhøpiggen og eg, han der langt der borte i aust, ein stabeis som slipest av tida. Å vere aleine med alt dette, å bli løfta opp,  å høyre berre sin eigen pust.

«Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.» 

Te Deum laudamus

We praise thee, O God.

Arvo Pärt er her med Te Deum. Er komen fram  også til meg.

Kjem med advent.

 

desember 14, 2006 - Posted by | Uncategorized

14 kommentarar »

  1. `Så hva synes du?

    Kommentar av Sexy Sadie | desember 14, 2006 | Svar

  2. Som du forstår, Sexy Sadie, gjorde Arvo Pärt eit overveldande inntrykk, så spesielt og så veldig veldig vakkert – og eg syntest det var nesten feil å «begynne å snakke om det». Så stort, så stille. Sitatet frå Johannesevangeliet, om vinden som blæs, står på programheftet som inngangshelsing. Takk for at du fekk meg til å kjøpe denne CDen! Lyttar vidare i kveld.

    Kommentar av hugen | desember 15, 2006 | Svar

  3. Glad du likte den, jeg ble rørt nå!

    Kommentar av Sexy Sadie | desember 15, 2006 | Svar

  4. Arvo Pärt er en av våre favoritter og – vi har bare en plate enda, det ser ut til at dette må på ønskelista. Så takk Enok. Og takk Sexy!

    Vår plate, som også anbefales, heter beatus.

    Kommentar av Beate | desember 15, 2006 | Svar

  5. Og takk til deg, Beate! – «Oh Lord, save thy people, and bless thine heritage. Govern them, and lift them up for ever.»

    Kommentar av hugen | desember 15, 2006 | Svar

  6. Føler at j har gått glipp av veldig mye i livet mitt jeg,Hugen-når j leser blåggen din-
    Skal prøve å sette meg inn i litt etter hvert- kanskje starte med Arvo Pärt
    Våk og be!
    Slutt

    Kommentar av anjaunlimited | desember 15, 2006 | Svar

  7. Gode Anja! – Lat oss trø varleg, alle vi som innimellom trur vi har gått glipp av så mykje. Duken breier seg ut og dekker seg opp, heile tida, endelaust – heile tida meir enn nok til alle. Du står der jo, – med ein kjempetilgodelapp i handa som blir berre større og større. Versågod, – versåglad!

    Kommentar av hugen | desember 15, 2006 | Svar

  8. Takk kjære venn!
    Hjertet smelter!
    Slutt

    Kommentar av anjaunlimited | desember 15, 2006 | Svar

  9. Det er nok en mening med det hele alikevel når slike genier som Arvo part lager slik musikk til Guds ære.

    Kommentar av Sexy Sadie | desember 15, 2006 | Svar

  10. Enok: Har du sett den her blogg?

    http://cmlounge.wordpress.com/

    Kommentar av Sexy Sadie | desember 19, 2006 | Svar

  11. Tak og takk, Sexy Sadie! – Dette var enormt, ei gullgruve! Akkurat i dag har eg fått på plass breibandet, og dermed kan eg gi meg god tid til å ta føre meg av dette «leksikonet». – Denne bloggen demonstrer også at blogg slett ikkje treng vere berre tre ords meldingar. Her i fjorden vurderer vi å setje opp ei heimeside for eit spesielt jubileum neste år, men også ein blogg kan gjere ein heil jobb.

    Kommentar av hugen | desember 19, 2006 | Svar

  12. Jeg har selv kikket på den og den er ett oppslagsverk omtrent.

    Kommentar av Sexy Sadie | desember 19, 2006 | Svar

  13. Just så där! Sexy Sadie – Eg driv stadig og «kjenner etter» for å finne kva som er skilnaden på heimeside og blogg. Dette oppslagsverket er ein blogg som blir som ei slags heimeside, – men likevel, blogg er blogg, trur eg, ein enkel direkte kommunikasjon, eit nettverk på språkleg og folkeleg grunnplan. Med det same eg gjekk i blogg la eg merke til at her var det straks meir nynorsk enn eg elles ser på nettet, her var markerte religiøse/politiske bloggar, og her var tjukt av damer i farta. Blogg er grasrot?

    Kommentar av hugen | desember 19, 2006 | Svar

  14. Ja, det er den «ordinære» manns måte å få en stemme ut i den vide verden på, mens mainstream media har blitt mer og mer elitær og når grasrota ansikter vises, så drites de ut i slike realityserier og lignende.

    Kommentar av Sexy Sadie | desember 21, 2006 | Svar


Legg att svar til Sexy Sadie Avbryt svar