Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Gjøfjøre

Gjøfjøre er, så vidt eg forstår, uvanleg stor fjøre. «Gjø» kjem av det gamle månadsnamnet «gjømånad» som etter tidlegare tidrekning var månaden frå slutten av februar til slutten av mars. Dette vil eg svært gjerne ha merknad og/eller korrektiv til. Ved gjøfjøre trekkjer vatnet seg lengre tilbake enn ved vanleg fjøre. Ein del meir av tang og tare, steinar og sjøbotn kjem opp i dagen.  –  Henrik Rytter har skrive diktet «Gjøfjøre» der det m.a. heiter:

Ei løynleg kraft sig inn frå æverom,

syg til seg havet, fjetrar luft og land,

og vekkjer tusseljod og skrømten óm;

det  tevjar salt frå ublygt nækte strand.

Biletet ovanfor tok eg 27.mars. Held det til å bli datert i gjømånaden?

Ivar Aasen skriv i Norsk Ordbog: » Gjøfjøra, – stor Ebbe, som sædvanlig indtræffer i Marts Maaned.»

—————————-

 

mars 28, 2010 Posted by | Uncategorized | Éin kommentar

Dagen er der

Så vart dagen i år den 24.mars, og no er dagen der – og han er der.

Han? Ja, han og ingen annan.

Der sit fru og herr Tjeld på bryggja og solar seg!

Jubel!!!

mars 24, 2010 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Spør vinden

 

SPØR VINDEN  Av Olav Kaste

Det hender eg møter meg sjølv,

og spør kvar det var det vart av meg.

Spør vinden som vengene gav meg,

spør bylgja som syng under kjøl.

Om  lyrikaren Olav Kaste: http://www.telemarksportalen.no/kaste_olav.htm

mars 14, 2010 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

trias – jura – kritt

Det var dette med «jordens geologiske historie gjennom de ca. 4,6 milliarder år den har eksistert». Vel, – trias, jura, kritt – har nok høyrt orda før, men altså . . .   Heilt sikkert er at det populærvitskaplege tidsskriftet «Ottar» frå Tromsø er av dei betre blada til å få i posten. I dette nummeret som framsida ovanfor er ifrå, får du også høyre om Miss Mary Anning (1799- 1847), «Paleontologiens prinsesse»:  

http://www.ucmp.berkeley.edu/history/anning.html

Etter ti års graving: http://no.wikipedia.org/wiki/Plesiosaurus

Elles: www.stratigraphy.org

Enok

mars 4, 2010 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget