Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Storsnø

Eit  levande hoppar mellom dei tomme greinene på rognetreet. Det er ein svarttrost som har tatt sjansen på å overvintre og som leitar i von om nokre attverande og gløymde rognebær. Lufta er tjukk og grå av meir snø som snart vil falle.

Enok

 

 

 

januar 30, 2010 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget

Sola stig

Eg må ta meg litt tid til å ta meg inn att etter denne «hendelsen», men skal nok melde meg på att etter kvart. 

Sola stig!

beste helsing Enok

januar 25, 2010 Posted by | Uncategorized | 4 kommentarar

Godt 2010!

Godt år, folkens! Eg skulle vere vekke ei veke i jula. Det vart to veker. På tur heim att frå Hamar-kanten med ekspressbussen, og vi var på veg oppover Ottadalen, begynte ting å bli underleg. Eg snakka som eg ikkje var edru, og etter kvart var balansen fråverande. Eg hadde fått eit hjerneslag (førstegongs erfaring). I Volda fekk eg kontant hjelp av kunnig son og Volda sjukehus, der eg vart pasient resten av romjula og nyttårshelga. Etter CT og MR  og medisinar og beste sørvis m.m.m. vart eg send heim att i går. Bilen skal stå,  i alle fall ein månads tid. Eg er ved godt mod, om enn litt småskjelven (det er jo også kaldt blitt). – beste helsing Enok.

januar 6, 2010 Posted by | Uncategorized | 8 kommentarar