Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Linerla

 

linerle (bilde) 

Utanfor vindaugert høyrer eg ei ivrig lys kvitring, og eg lurer på om det kan vere ein linerleunge som blir mata av ein vaksen. Er linerleungane flygeferdige? Eg reiser meg og ser forsiktig ut på den opne terrassen: Jau, ei linerle er det, men ho er aleine og prøver å finne restar av klissvåte smular, og det blir mindre med få i seg noko. Da plutseleg er ein anna linerle der, ein myndig type med mat i nebben som ho puttar i nebben på den første. Og ho går vidare og plukkar ikring på terrassegolvet og forsyner den første. Ho som kom sist, og er kontant vaksen i faktene, er tydeleg svart på hovudet, men ho som tydelegvis er ein unge, har lysare gråfarge. (Foto: Store Norske Leksikon)

Advertisements

juli 18, 2010 Posted by | Uncategorized | 2 kommentarar