Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Gjøfjøre

Gjøfjøre er, så vidt eg forstår, uvanleg stor fjøre. «Gjø» kjem av det gamle månadsnamnet «gjømånad» som etter tidlegare tidrekning var månaden frå slutten av februar til slutten av mars. Dette vil eg svært gjerne ha merknad og/eller korrektiv til. Ved gjøfjøre trekkjer vatnet seg lengre tilbake enn ved vanleg fjøre. Ein del meir av tang og tare, steinar og sjøbotn kjem opp i dagen.  –  Henrik Rytter har skrive diktet «Gjøfjøre» der det m.a. heiter:

Ei løynleg kraft sig inn frå æverom,

syg til seg havet, fjetrar luft og land,

og vekkjer tusseljod og skrømten óm;

det  tevjar salt frå ublygt nækte strand.

Biletet ovanfor tok eg 27.mars. Held det til å bli datert i gjømånaden?

Ivar Aasen skriv i Norsk Ordbog: » Gjøfjøra, – stor Ebbe, som sædvanlig indtræffer i Marts Maaned.»

—————————-

 

mars 28, 2010 - Posted by | Uncategorized

Éin kommentar »

  1. Ein sambygding nemner fenomenet «langfredagsfjære». Og om det blir få treff på eit søk på «gjøfjøre», så blir det di fleire på «langfredagsfjære». Prøv sjølv!

    http://nn.wikipedia.org/wiki/Langfredagsfj%C3%A6re

    Enok

    Kommentar av hugen | april 9, 2010 | Svar


Kommenter innlegget