Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Godt 2010!

Godt år, folkens! Eg skulle vere vekke ei veke i jula. Det vart to veker. På tur heim att frå Hamar-kanten med ekspressbussen, og vi var på veg oppover Ottadalen, begynte ting å bli underleg. Eg snakka som eg ikkje var edru, og etter kvart var balansen fråverande. Eg hadde fått eit hjerneslag (førstegongs erfaring). I Volda fekk eg kontant hjelp av kunnig son og Volda sjukehus, der eg vart pasient resten av romjula og nyttårshelga. Etter CT og MR  og medisinar og beste sørvis m.m.m. vart eg send heim att i går. Bilen skal stå,  i alle fall ein månads tid. Eg er ved godt mod, om enn litt småskjelven (det er jo også kaldt blitt). – beste helsing Enok.

Advertisements

januar 6, 2010 - Posted by | Uncategorized

8 kommentarar »

  1. Hallo Enok, og godt nyttår til deg! Det er godt å høyre (lese) at du er på plass ved pc-en igjen, og at du slapp med «kippen». Så er det berre å tru på at dette vart ei eingongserfaring. Lukke til vidare, og kle deg godt!!

    Kommentar av Turid Karlsbakk | januar 6, 2010 | Svar

  2. Takk for helsing, Turid! – Det går nok enda litt seint og med mange feil. Vi har verdens beste sjukehus som vi ikkje må sleppe frå oss. Men det beste var å kome heim att, til slutt. – Vonar du har godt med god ved! – Enok

    Kommentar av hugen | januar 6, 2010 | Svar

  3. Lykke til Hugen- Riktig godt nytt år te dæ:0)
    Klæm
    Slutt

    Kommentar av anjaunlimited | januar 6, 2010 | Svar

    • Og godt år til deg, Anja. Godstas å få helsinga di. Vi held oppe koken, veit du! Koss går det med blomstrane?

      Kommentar av hugen | januar 7, 2010 | Svar

  4. Godt nyttår Enok! Og stå på vidare! Takk og lov for sjukehuset i Volda, LA DET LEVE!

    Kommentar av Olianne Viddal | januar 11, 2010 | Svar

    • Takk for stasmelding, Olianne! Gjett kven som var med og trille meg på plass ved innlegginga, og som dukka opp ved utskriving! Namnet begynner på R! Verda er både veldig stor og nokså lita. Eg har det bra, eg har kome heldig ifrå det, men eg må nok ha litt tid på å samle krefter. Har ikkje vondt og søv greitt om natta. – Hels til folket ditt. Og så du og Endre som er blitt reine storfamilien! Lykke til vidare! – Beste helsing Enok

      Kommentar av hugen | januar 12, 2010 | Svar

  5. Godt nytt år vennen.

    Kommentar av Sexy Sadie | januar 20, 2010 | Svar

    • Takk, Sexy Sadie, for vennskapleg vennehelsing. Godt venneår til deg!

      Kommentar av Hugen | januar 21, 2010 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: