Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Fundas

Sit no slik og fartar omkring på nettet i ymse ærend. No var det ordet «fundas» eg ville ha ei forklaring på. Får å vite at det kan tyde noko slikt som reglar eller statuttar. Såleis heiter det i «Fundas for Hartvig Larsens guldmedalje»,  innstifta for snart hundre år sidan:

§ 7. Den som blir tilkjendt medaljen, kan vælge om han vil motta den i guld eller i bronse med tillæg av et kontant beløp svarende til forskjellen i metalværdien.

Og kva ein kunne få medalje for? I dette tilfellet galdt det å skrive framifrå godt om eit utlyst emne frå nordisk litteraturhistorie.

Kunne ei slik «alternativ medalje» ha noko for seg f.eks. i skiskyting?

august 27, 2009 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget