Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Påskeegga blir firkanta i år

 

paskeegg1

Påskeegga blir firkanta i år.

Eggeglas og teskei trengst ikkje,

men ver klar  med skjerefjøl og ostehøvel.

Advertisements

april 2, 2009 - Posted by | Uncategorized

9 kommentarar »

  1. I denne påskekrimmen, som er Hugen sitt motsvar til bloddryppande fæle angsthistorier, kan eg røpe litt meir: Eg var på åstaden i dag, og spesialmedhjelparane mine hadde opna den raude containeren, og absolutt forbløffa måtte eg berre å slå fast: Der fanst ikkje eit einaste firkanta egg inni der. Men greier du å gjette kva som gjekk føre seg? Hmmm? Kva sa du?

    Kommentar av hugen | april 3, 2009 | Svar

  2. Kan det vere at skåpsprengjaren og påskeharen hadde kaffimat der inne?

    Kommentar av John Inge Leira Bjøringsøy | april 3, 2009 | Svar

  3. Du er på sporet, John Inge, trur eg. Men attåt dei to kjendisane du nemner, så sit der temmeleg sikkert også ein tredje kjendis (ei kjendise) attmed kaffibordet der inne. Denne tredje kjendisen er ein mega-kjendis og svært upopulær, for å seie det mildt. Ho har førebels ikkje plaga lokalmiljøet så ille, men er ei global heks som med jamne mellomrom toppar overskriftene over alt på vår store vesle jord.

    Kommentar av hugen | april 4, 2009 | Svar

  4. Kari Krise?

    Kommentar av John Inge Leira Bjøringsøy | april 4, 2009 | Svar

  5. Godt forslag, John Inge! Vi kan ha namnet Kari Krise som dekknamn og som arbeidshypotese. Men problemet klakar på seg: Konteineren er ikkje tilhald (meir eller mindre periodisk) for berre ei og berre ei kjendise, men vi må forhalde oss til ei kjendise nr 2 (om det ikkje dukkar oppe enda fleire). Vi treng derfor eit dekknamn til. Og med det same: Kva observasjonar har du sjølv, eller andre, gjort på åstaden? Forbipasserande påstår at dei har høyrt musikk frå konteineren!

    Kommentar av hugen | april 5, 2009 | Svar

  6. Dette er eit mysterium. På musikken å døme skulle ein kanskje tru det var ei Kari med anna fornamn som gøymte seg derinne, men etter å ha snike meg inn på konteineren og deretter vorte jaga av ein langhåra bergenser, er eg ikkje like sikker lenger. Er det ikkje mogleg gå frå dør til dør på nabokonteinerane? Kanskje dei har sett noko?

    Kommentar av John Inge Leira Bjøringsøy | april 5, 2009 | Svar

  7. At det høyrest musikk, kan (eg seier «kan») vere eit godt spor, men samtidig må vi hugse på at musikk er også mykje brukt i propagandasamanheng og hypnotisering av søppelrotter. At det foregår saker og ting i alle konteinarane, er skremmande: Vi kan stå framføre eit forsøk på å etablere ein bergensk busetnad, – og dette i ei av «ur-ræsene» i gamle Halkjelsvik! Minst tre etterforskarar må setjast på å forhøyre seg hos konteinarfirma i heile Norden om det er tinga større parti til Sunnmøre. Men vi kan stå overfor ei utspekulert felle: Viss vi trur at bergensarar finn seg i noko som er firkanta, sit vi klisteret, eller som Kallemann og Amandus ville ha sagt det i den gamle barnetimen på Bergen lokal om torsdagane: «Gå te pisis!»

    Kommentar av hugen | april 6, 2009 | Svar

  8. Er ein skvetten av seg, ser det ut som det er best å grave seg ned og ligge der til påska er over.. Eg for min del, tek med meg mysteriet i Bakkedalen, så får me sjå om eg får nye vinklingar på saken der.

    Kommentar av John Inge Leira Bjøringsøy | april 7, 2009 | Svar

  9. Du er i alle fall ikkje skvetten av deg som tek med deg mysteriet i sekken og dreg i Bakkedalen! Men slik er det med proffe detektivar, – dei kan kunsten å la saka få arbeide med si eiga tyngd i staden for å tyne seg sjølv til siste trevl. Elles veit du vel vegen til Huldresteinen der oppe i Bakkedalen? God tur! #;-)

    Kommentar av hugen | april 7, 2009 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: