Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Spor i snøen

spor

Kven var det som rusla forbi her i natt?

Advertisements

februar 5, 2009 - Posted by | Uncategorized

7 kommentarar »

  1. Det er mangt som gjeng føre seg rundt husnovene medan vi ligg og søv…

    Kommentar av Johnny Bjøringsøy | februar 6, 2009 | Svar

  2. Høyrde ei slags gnellete remjebjeffing, vekselvis litt lange «drag» og korte pausar opp att og opp att, bortanfrå skogen i går kveld. Røv? Om det då ikkje var gaupe?????? Korleis let for resten gaupskriket?

    Kommentar av hugen | februar 12, 2009 | Svar

  3. Vi høyrer ofte reven her ute på Leira, og dette liknar på det. Etter som gaupa er kattedyr, så er det vel meir som ei katteremjing på henne ? Men eg har aldri høyrt gaupe (trur eg…)

    Kommentar av johnny | februar 14, 2009 | Svar

  4. Kanskje var det skåpsprengjaren…?

    Kommentar av John Inge Leira Bjøringsøy | februar 19, 2009 | Svar

  5. Ja, John Inge, skal vi tru det var skåpsprengjaren som har tatt seg ein runde i sporsnøen? Den karen har ein livleg fantasi og er truande til kva som helst. Han vil ikkje noko vondt, eigentleg, men han kan vere tankelaus i farten. Kanskje du har rett, at han no har fått det med å maskere seg, setje sporstempel under skorne og slike ting. Han prøver vel helst å uttrykkje ein stille protest mot A4-livet, og vi står fritt om vi beintfram vil støtte han, ikkje irritere oss og støyte han bort. #;-)

    Kommentar av Hugen | februar 21, 2009 | Svar

  6. Er det han, så vil eg beintfram støtte han!

    Kommentar av John Inge Leira Bjøringsøy | februar 21, 2009 | Svar

  7. Alle spor i snøen etter skåsprengjaren er no sletta av mildver og regn. Skal vi, som John Inge går inn for, støtte skåpsprengjaren vidare, kan vi gjere det gjennom å lytte godt etter kjøtmeisa som har kvikna til og sender ut lovande signal. Tjo hei!

    Kommentar av hugen | februar 23, 2009 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: