Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Eg har sett ein mår!

mar.jpg

Kor makelaust heldig eg var i dag, – eg fekk sjå ein mår! Den første levande og heile og naturlege måren eg har sett med mine eigne auge.

Det gjekk slik til: Eg var ute og steig litt ikring huset i opphaldsveret, laga meg til å hente ut plenklipparen. Med det same kastar eg eit blikk bortover i skogen som står tett opptil tomta, og der eg har hengande eit par fugleholkar. Og der, oppå toppen av den næraste holken der svart-kviten har flytta inn, der låg eit dyr eg aldri har sett før, men eg visste heilt klart og sikkert med ein gong at det var ein mår. Han låg skinnflat nedåt fuglekassa, dei trekantforma øyro stod ut frå det vesle hovudet. Den lange bustete halen hang som eit pølseaktig slips nedover langs sida av holken. Han var lys brun. Ein augneblink tenkte eg at det kunne vere ein katt, men dette var ingen katt, nei! Der låg han, måren, tett ved innflygingsholet i holken, klar til å slå kloa i svart-kviten, – enten han no skulle vere på veg ut eller inn. Kamera! var det ein tanke som kviskra tynt og hjelpelaust, men det var jo ikkje til å tenkje på. Så gjorde eg tabben, flytta meg over til det andre hjørnet av skjolet, for å kome han nærare. Da eg titta fram på det andre hjørnet, var han vekk.

Så var det rett inn og sjekke i dyrebøker, og alt stemte: Eg hadde sett ein mår!

Da eg kom ut att, gol gauken. Han høyrer eg ikkje så ofte her på Bjørke som heime i mi barndoms bygd. Men dette var det flottaste og gladaste ko-ko eg har høyrt! – og det var det første i år.

Av bøkene forstår eg at måren er heller sjeldan og er i ferd med å forsvinne mange stader. Eller held han på å ta seg opp att?  Kor vanleg er det å sjå han i Hjørundfjorden, eller der du bur?

(Teikninga er kopiert frå Norges dyr, Cappelen, 1972.)

Har søkt på «mår» på nettet, og det dukkar opp fleire bilde. Her to av treffa:

http://nidaros.nina.no/mar/artsfakta.htm

http://www.adressa.no/nyheter/moreromsdal/article855171.ece

Advertisements

mai 21, 2007 - Posted by | Uncategorized

5 kommentarar »

  1. Fascinerende med eksotisk besøk uansett-
    En bra kveld til Hugen ifra Trondhjæm

    Kommentar av anjaunlimited | mai 24, 2007 | Svar

  2. Ja, fascinerande! Men du, Anja, som kjenner skogen frå innsida, har nok sett meir enn ein mår! For eksempel? Enn om du hadde ein stubb å fortelje!

    Kommentar av hugen | mai 26, 2007 | Svar

  3. Sett det meste unntatt mår ulv bjørn gjerv gaupe
    Saga en gang ned ei gammel furu med ørnereir i- d var den gangen da j var forkvaklet i hodet og flatehogst var alfa omega
    Skammer meg forsatt over det

    Kommentar av anjaunlimited | mai 28, 2007 | Svar

  4. Ps- det var ikkesånn det skjedde-
    Jeg hogg all skogen rundt furua-og kort tid senere blåste den (selvfølgelig)over ende-
    Helt idiotisk…Shame on me….

    Kommentar av anjaunlimited | mai 28, 2007 | Svar

  5. Ja, hvor heldig du var! Akkurat slik tenkte jeg også da jeg fikk se dette vakre dyret første gang for to vintre siden. Jeg satt i stua med kaffen og så på God Morgen Norge før jeg skulle på arbeid om morgenen, da jeg så noe bevege seg i snøen utenfor terrassedøra. Et ekorn som er tidlig ute, tenkte jeg. I neste øyeblikk stod det en skapning og så inn gjennom glasset i døra. Den sto på bakbena og så nærmest ut som en liten nisse med lys genser og åpen jakke på. Jeg skjønte at dette ikke kunne være annet enn en mår, men sjekket for sikkerhets skyld i bøker som jeg har. Senere har jeg hatt den på besøk her mange ganger, og det er en fornøyelse å se dens akrobatikk i en bjørk som står rett utenfor kjøkkenvinduet. Der henger nemlig en dispenser med meiseboller og det synes å være en av livrettene dens. I dag så jeg for første gang i vinter spor etter den igjen. Det har falt endel snø i helga og i morges gikk det mårspor fra skogen, over terrassen og bort til bjørka og meisebollene. Dette blir dermed tredje vinteren den kommer og besøker meg. Det gjør meg like glad hver gang å se den. Ja, hvor makeløst heldige er vi ikke som får oppleve slike øyeblikk!

    Kommentar av Knut | januar 6, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: