Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Der alle kjenner alle?

okt0302.jpg

 

Det heiter seg gjerne at «i små bygder kjenner alle alle». Er det slik?

Eg er innflyttar, kom til Bjørke for 32 år sidan. Her har eg vore lærar og hatt ei stor kontaktflate og har etter kvart tenkt akkurat denne tanken: Her kjenner alle alle. – Under arbeidet med Prillar-Guri året er det ein lærdom som allereie har slått tydeleg inn: Nei, ver ikkje så sikker på det.

Det viser seg nemleg at sjølv om eg har hatt sei 40-45 årgangar av ungdommane her som elevar, så er det slett ikkje sikkert at desse årgangane kjenner kvarandre.

Så, altså: Også i «små bygder» vert åra etter kvart også her i bygda til mange år, og gjer at heller ikkje her er det slik at alle kjenner alle.

 Kan det vere ei sak for ei bygdemobilisering å gjere orda «alle kjenner alle» til noko som i alle fall nesten er sant?  Eller er det naturleg og slik vi trivst best med det, at vi kjenner slett ikkje alle?

Foto: E.K.

NB! Du er velkomen til ein lokalblogg på: http://prillarguri.wordpress.com

 

Advertisements

februar 20, 2007 - Posted by | Uncategorized

9 kommentarar »

  1. Det var et helt ufattelig nydelig bilde. Det ser så klart ut, på en måte. Klart å tåkete på en gang. Det er nok det paradokset som var ufattelig.

    Kommentar av Beate | februar 21, 2007 | Svar

  2. Takk og takk, Beate! Det er jo kjempeflaks å plutseleg og tilfeldigvis vere der, med kamera, når eit såpass spesielt motiv er der, – er der og viser seg nett den vesle stunda.

    Kommentar av hugen | februar 21, 2007 | Svar

  3. Dritbra bilde Hugen- E det sola som driv å fordampe havskodda?
    Når d gjelder almuen : Trur heller alle kjenner hverandres masker ganske godt- Bygdefolk er ikke veldig annerledes enn andre

    Kommentar av anjaunlimited | februar 24, 2007 | Svar

  4. Du ser det, Anja! For vi reknar det stundom som «havskodde» her langt inni fjorden når lufta er tjukk som av «den kvitaste ull». Når det så er stilt attåt, og sola begynner å massere luftrommet, så kan det letne og løyse seg så vakkert så vakkert. Mest som å vakne på den gode måten, forvirra og velsigna, etter tung svevn, slik som på morgonen i dag ….

    Kommentar av hugen | februar 25, 2007 | Svar

  5. Ja det e fantastisk vakkert å sje på- guddommelig, spør du mæ

    Kommentar av anjaunlimited | februar 25, 2007 | Svar

  6. Det er mer den der med at alle kan få tak i opplysninger om alle hvis de går inn for det.

    Flott bilde!

    Kommentar av Sexy Sadie | februar 28, 2007 | Svar

  7. Hmmm… vel Sexy Sadie: Det spesielle som fekk meg til å plutseleg tvile på dette om at «alle kjenner alle», var eit komite-møte med sambygdingar der eg for min del sikkert nok kjende «alle». Da opplevde eg at fleire av komitemedlemmene reiste seg og handhelste pent på fleire av dei andre mens dei presenterte seg. Eg hadde ikkje blitt forundra viss alle var på fornamn med kvarandre frå starten av, men det var altså det motsette som skjedde. Den unge generasjonen kombinert med innflyttarar kan vere forklaringa, og at det klassiske småsamfunnet likevel ikkje er så klassisk likevel.

    Men temaet er stort og kan utviklast i fleire retningar!

    Kommentar av hugen | februar 28, 2007 | Svar

  8. Beautiful Enok!
    -Peter

    Kommentar av Peter Ciccariello | mars 28, 2007 | Svar

  9. Thank you, Peter! So nice to see that you found your way to my blog! – You will know that the best shots are very often taken at random and by good luck. This one was taken by my first small digital Olympus. Should I think I will make an equal with my new Canon EOS 400D?

    most friendly regards
    Enok

    P.S. other visitors may like to visit your fantastic site on http://uncommonvision.blogspot.com

    Kommentar av hugen | mars 28, 2007 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: