Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

pære + ferje = 4 spørsmål

ferja1.jpg

Hadde fått nytt kamera. Gjekk der og sveiva og sikta og skulle teste. Eit bilde her og eitt der. Og så dette. Ferja på fjorden gjennom greinene på pæretreet.

 Er tunnellar betre enn ferjer? Er internett farleg? Er økomat lureri? Likar du pærer?

Advertisements

januar 10, 2007 - Posted by | Uncategorized

25 kommentarar »

  1. Nei. Nei. Nei. Ja.

    Kommentar av Beate | januar 10, 2007 | Svar

  2. Aner ikke, men for et flott bilde.

    Den ferja ser da ut som om den er av den gode gamle sorten.

    Kommentar av Sexy Sadie | januar 10, 2007 | Svar

  3. Det er vel lett, Beate, å heie på ferja, for slike som du og eg som slepp å vente eller kome for seint? Men ferje er no ferje da!

    Edvard Hoem, som skreiv «Kjærleikens ferjereiser», er stadig på reise, for å lese og fortelje om stadig nye bøker, slik som her:

    http://avis.dn.no/artikler/avis/article5175.ece

    Kommentar av hugen | januar 11, 2007 | Svar

  4. Kjekt at du likte bildet, Sexy Sadie! Ferja er eit motiv som ein vel aldri blir ferdig med å utforske, og fotografere. Også denne ferja har den klassiske «gammaldagse» forma med svart skrog og kvitt overbygg. – På hurtigruta i sommar kom eg til å gå forbi «bildekket». Langt nede i magen på båten stod bilane i dagevis som ein buskap på bås, og da vi kom til Kirkenes, fekk dei sleppe ut gjennom eit hol i skipssida. Så desse bilane vil vi ha med oss, til lands og til sjøs, – gjerne med ein småbåt på taket!

    Kommentar av hugen | januar 11, 2007 | Svar

  5. Jeg husker da vi reiste til Nordfjord hver sommer på 70-tallet, alle de herlige ferjeturene.

    Jeg skulle bli ferjeskipper 🙂

    Kommentar av Goodwill | januar 12, 2007 | Svar

  6. Hei Goodwill! Hyggeleg at du ser innom, og stas at du har gode ferjeminne. Var visst opphaldsver i 1970-åra, var det ikkje? Koss var det, du kryssa kanskje fylkesgrensa nordover og gjorde eit raid på Møre? Nordfjord ligg elles midt i løypa når vi møringane skal austover ein tur, eller sørover til Bergen. Blir betre kjende i nabofylket enn i vårt eige fylke. – God fredagskveld til deg!

    Kommentar av hugen | januar 12, 2007 | Svar

  7. Fin blogg du har! Skal lese mer av den!

    Kommentar av Bastet | januar 12, 2007 | Svar

  8. Og det du skrev om positivitet på hjemmesiden din er så bra!! Hold på det og spre det til ale du møter!

    Kommentar av Bastet | januar 12, 2007 | Svar

  9. Jeg mente optimisme, men det henger jo sammen!

    Kommentar av Bastet | januar 12, 2007 | Svar

  10. Jepp, Hugen; den der ferja har den der Harald Jarl-formen.

    Det er båter det!

    Kommentar av Sexy Sadie | januar 13, 2007 | Svar

  11. Hei, Bastet! Så hyggeleg at du stakk innom bloggen min! Dette med optimisme og positivitet er spennande saker, for det kan sanneleg gå som ein jojo, – ikkje alltid så enkelt, men veldig enkelt likevel. Det er noko med at det er greitt å vere positiv av prinsipp, men det gjeld enda meir å satse på det i praksis. Ikkje gi seg over og dyrke nedturane og klamre seg til dei. Og så er det noko med at for at bølgja skal reise seg så må bølgjedalen også vere der. – God laurdag til deg!

    Kommentar av hugen | januar 13, 2007 | Svar

  12. Skib o’hoi! Sexy Sadie! – Skib o’hoi!

    ~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

    Kommentar av hugen | januar 13, 2007 | Svar

  13. I dag kom ein hyggeleg mail, ei jente eller ein gut? med server i Glasgow, United Kingdom, – sikkert med utspring i heimesida mi. Eg skulle så visst ikkje klage over mangel på respons. Her er korrespondansen

    > can you give me plans for a birdbox please
    > for a bout the size of a bluetit and bigger?
    > —

    Og svaret mitt vart slik:

    Here is an URL, and you can search for others. There is quite an environment
    on the net for birdlovers.

    http://www.countrylovers.co.uk/envi/birdbox.htm

    I can, of course, scan something from my books, and send it to you – tell me if you want me to. Take what you have of wooden materials, don’t feel too obliged to make it look like the pictures.

    friendly regards
    Enok
    #;-)

    wondering how you got the idea to mail me, which was a very nice surprise

    For eit par år sidan skreiv eg ein del om fugleholkane mine:
    http://www.hugen.no/prolog01.htm

    Kommentar av hugen | januar 14, 2007 | Svar

  14. Hugen-Hva gjør en når en ikke får sove om natta???
    Kl er 0215,og jeg trenger noen timers søvn før snøbrøyting-
    «Fridsamast hava de døda»
    Godt å bare miniblogge litt…
    No ska æ prøv igjænn
    God Natt
    Slutt

    Kommentar av anjaunlimited | januar 15, 2007 | Svar

  15. Hei Anja! Koss gjekk det med snøbrøytinga som er ein tøff jobb. Svevnløyse og snøbrøyting er ikkje den beste kombinasjonen. Plagast du mykje med å ikkje få sove? – Dei seier det at det er betre å stå opp, ta seg litt mat – og gjerne miniblogge litt, – enn å bli liggande og prøve å presse seg til søvn. Vonar det gjekk bra med deg etter at du tak deg ein tur på golvet. – Når eg blir ute for slikt, og det skjer, er eg ikkje mykje tess dagen derpå.

    Kommentar av hugen | januar 15, 2007 | Svar

  16. Mye å tenke på fortia,j- Hugen
    Takler ikke at ting går bra
    Men det hær ska vi få te
    Klems
    Slutt

    Kommentar av anjaunlimited | januar 15, 2007 | Svar

  17. Men brøytinga gikk bra (:
    Har en helt sinnsykt bra autopilot da,sjøhh

    Kommentar av anjaunlimited | januar 15, 2007 | Svar

  18. Bravo for brøytinga, Anja! – Her hos oss er brøyting svært viktig. Her er «flaskehalsar» og «flaskebakkar» som er trøblete så snart det blir litt snø, som kan falle svært lokalt. Sist mandag hamna eg sjølv i grøfta og fekk knurva høgre framskjerm, men det meste av skulda må nok sjåfør Hugen ta.

    Kommentar av hugen | januar 15, 2007 | Svar

  19. Eit bilde, fint sundagsver i går!

    http://www.hugen.no/album/album13.htm

    Kommentar av hugen | januar 15, 2007 | Svar

  20. Fint å brøyt i morrest da-
    Zetor 6945 – 80mod- 9000 timer-feilfri-hatt deinn sjøl heile tia
    Bli gla i gammelt skrammel sjøhh-men sjæfen min flire…
    Slutt

    Kommentar av anjaunlimited | januar 17, 2007 | Svar

  21. Du er flink, Anja! Kva er verste snøen å brøyte, – og kva er den beste? Zetor er kvalitet frå Tsjekkia, vil eg tru. Der i landet kan dei mykje om tung mekanikk. Her i bygda er det høg traktorfaktor, og traktorane blir berre større og større, snart med bakhjul høgare enn Hugen!

    Kommentar av hugen | januar 17, 2007 | Svar

  22. Like ittj kramsnø som klabbe sæ på fræsen,nei-eiller sørpe som flyt utover
    Men kramsnøøn e grei å skrap-vældi kompakt å grei å få ifra sæ-
    «Klank» e største problemet
    Men tørrsnø e no bæst,da-og minusgrada
    Savne skogsdrift innimellom,da-når snøøn kjæm. første saga mi va no svænsk,da-Jonsereds 45 E-(me S-)Men så mista æ to fingra ætter nånn år-fekk i lættar sag, men S`en-forsvannt-vart alldri heilt det samme…
    Trur du e minnjer einn fræmhjulan no æ, Hugen
    Tuillat heile greian….

    Kommentar av anjaunlimited | januar 17, 2007 | Svar

  23. Du har hatt det nært og sterkt både med motorsager og traktor. Er eit teikn på trivsel, vil eg tru, trass i tap av fingrar. – Her på huset får bilen som regel eit namn og blir nesten som ein hund eller ein hest. – Kva er «klank», Anja? Er det å svinge hardt og presse på?

    Kommentar av hugen | januar 17, 2007 | Svar

  24. Klank: Uttrykk ifra Trønnderlainn :Snøen fore så opp på bakken og hardpakkes (av f.eks biler)før en rekker å brøyte
    En må brøyt fryktlig ofte om en skal klare å unngå klank-men det rekker alltid å fore seg på et tynt lite snølag ved hvert snøfall som hurtig blir steinhardt som is.Etter ei stund bli det te rein is
    De va litt vanskli å forklar det hær-men
    Konklusjon
    Umulig å unngå «klank»
    Hilsen Anja

    Kommentar av anjaunlimited | januar 17, 2007 | Svar

  25. Veldig god forklaring, Anja! Det får meg til å tenkje på «klake» d.v.s. det har med hardfrosen snø å gjere. Kanskje hardfrosen på overflata, eller som tele etc. Eller som ei napoleonskake som har fått eit litt for hardt lag på toppen?

    Kommentar av hugen | januar 18, 2007 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: