Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

3 x Wittgenstein

wittgfred-h300.jpg

Rare greier. Eg brukar ikkje å lese så mykje biografiar, men i løpet av siste halvåret har eg på rekke og rad lese tre biografiar om Ludwig Wittgenstein. «Alle» har høyrt om Wittgenstein, også eg «hadde høyrt om han». Så kom den første biografien og la seg i hendene på meg da eg skulle i veg på kjempetur med hurtigruta, og reiselektyren vart «Det stille alvoret. Ludwig Wittgenstein i Norge 1913-1950» av Knut Olav Åmås og Rolf Larsen. Livshistoria til Wittgenstein greip meg sterkt, og eg vart fascinert av tankearbeidet hans. Av visse grunnar gjorde tilknytinga til Norge det ekstra spennande. Så følgde «The Duty Of Genius» av Ray Monk, og i går kveld avslutta eg «Wittgenstein» av Gunnar Fredriksson. Ved eit lykkeleg hell har dei tre bøkene ved rein slump falle inn i ei rekkefølgje som har gjort dei alle tre like spennande!

Litt om dette på heimesida mi: http://www.hugen.no/reisa/index.htm

Advertisements

november 30, 2006 - Posted by | Uncategorized

11 kommentarar »

  1. Spennende, også jeg har hørt om fyren, men mer enn det…

    Nei. :rødme:

    Kommentar av Sexy Sadie | november 30, 2006 | Svar

  2. Takk, Sexy Sadie! – Det heiter seg gjerne at mange har høyrt om Wittgenstein, og mange har prøvd å forstå ideane hans, men ingen har forstått noko særleg. Så ille er det no vel ikkje, men ein kan ha bruk for ein formidlar mellom den store tenkjaren og seg sjølv. Men, altså, livshistoria hans er eit drama eineståande nok i seg sjølv. – Det blir sagt at filosofi etter Wittgenstein, takka vere han, har vore språkfilosofi, ikkje lenger livsfjern logisk sjonglering, – og da snakkar Wittgenstein om levande fritt kvardagsspråk. – Og trur du ikkje at eg ramla borti ein bloggar i England som skriv m.a. om Wittgenstein! http://agbellotti.wordpress.com

    Kommentar av hugen | november 30, 2006 | Svar

  3. Spennende, hvem sa man ikke kunne lære noe av blogging? 😉

    Jeg leser Foucault, (på ntnu hørte jeg hans navn utalt føkkhau) og han er steinhard og få et tak på.

    Kommentar av Sexy Sadie | desember 1, 2006 | Svar

  4. Det er denne læreballongen, Sexy Sadie, – di meir du bles opp ballongen med det du lærer, di større blir ballongflata ut mot det som du ikkje kan. Bloggar er mykje kreativt grasrotliv, men visst finst det også bloggar som er generøse kunnskapssenter. Skal elles lure meg til med eit søk på han der Foucaulten.

    Kommentar av hugen | desember 2, 2006 | Svar

  5. En vis mann sier, jeg kan ingenting.

    Kommentar av Sexy Sadie | desember 3, 2006 | Svar

  6. Denne vise mannen, er det han som er eit ideal for eit fleirtal av pressefolket?

    Kommentar av hugen | desember 3, 2006 | Svar

  7. Nei, jeg tror ikke jeg er noe ideal for pressen, akkurat. Ikke bør jeg være det heller. :ler:

    Kommentar av Sexy Sadie | desember 3, 2006 | Svar

  8. Skal vi ta dette til PFU – pressens faglege utval? #;-)

    Kommentar av hugen | desember 4, 2006 | Svar

  9. Nei, det kan skape trøbbel for oss. Kanskje vi ikke får blogge mer….

    Kommentar av Sexy Sadie | desember 5, 2006 | Svar

  10. Vel, da er det vel tilbake til Foucault, da, må vite.

    Kommentar av hugen | desember 5, 2006 | Svar

  11. Det blir mer tid til ham i alle fall. :ler:

    Kommentar av Sexy Sadie | desember 5, 2006 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: