Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Tussa blues

tussablues01.jpg

(Foto: E.K.)

Haust og vår kjem helikopteret, som ein trekkfugl, og gir seg til å flyge turar frå kraftverket her nede ved sjøen til demninga oppe i høgda. Stundom heng lasta og svaiar i ein vaier under buken på helikopteret. Når dei flyg over taket her, dundrar det i heile huset. Men dei flyg for fred og kilowatt, ikkje for krig og bomber. Dei gjer ein tur på nokre få minutt, – utan helikopter ville det tatt både halve og heile dagen, og lenger med, – ikkje til å begripe. Men koss var det ein gong, og koss er det blitt?

Kraftverket her vart bygd på slutten av 1950-åra, og anleggsarbeidet gjekk på gamlemåten med mykje tungt og farleg kroppsarbeid, handemakt og muskelkraft, med feisel og minebor, vinsjar og taubaner med høg risikofaktor, kven tok det særleg tungt med tryggingsutstyr?  – eit av dei siste anlegga før maskinene for alvor tok over. Kva gjer ein så med utstyret frå den gongen, som det kunne vere verdt å vise respekt og setje opp eit museum for? Historia får visst berre vere, for i dag er det «gullprisar» for skrapjern. Det ryk unna og blir borte vekk, alt som folk ikkje lenkar seg fast til for å halde fast på, – eit kapittel i norsk elektrisitetshistorie er i ferd med å bli sletta frå vårt kollektive minne. Kven har ansvar?

Advertisements

november 23, 2006 - Posted by | Uncategorized

6 kommentarar »

  1. Takk for tilliten med meg på blåggrullen din!
    Det varmer!!!
    Hilsen Anja
    Slutt

    Kommentar av anjaunlimited | november 23, 2006 | Svar

  2. Anja, som eg har blogga før: Blogg skal vere som gløgg, – skal varme, også når vi må spare på straumen.

    Kommentar av hugen | november 23, 2006 | Svar

  3. Det artige er jo at de gamle kraftverkene er sinnsykt flotte bygg. Vanntårnene likeså.

    Kommentar av Sexy Sadie | desember 1, 2006 | Svar

  4. Somme er reine kraft-tempel! I min barndom høyrde eg at vi fekk straumen vår frå Herlandsfossen kraftverk på Osterøya, men det var først som pensjonist at eg fekk sjå stasjonen med mine eigne auge. Eit stasbygg, magisk, – men også det pensjonert med ein ny stasjon i moderande arkitektur ved sida av. Bygget som vi ser her hos oss av Tussa kraftstasjon, er eit portalhus, ein ytre fasade, – sjølve generatorhallen ligg 800 meter inne i fjellet, og er også eit syn verdt. Ved høve skal eg ta meg ein ny tur inn i halla og fotografere.

    Kommentar av hugen | desember 2, 2006 | Svar

  5. gullgruva er vel eit dekkjande namn på staden på biletet…

    Kommentar av Cecilie | januar 21, 2007 | Svar

  6. Treffande namn, Cecilie! – Og så vart dette ein prøve på koss bloggen funkar.

    Kommentar av hugen | januar 21, 2007 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: