Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Krabvåg

krabvag-b200.jpg

Eit utruleg «lagersal» går stadig sin gang på biblioteka her omkring. Bøker med lang og tru teneste får stempelet «Utgått frå … folkebibliotek», og blir så lagde ut for sal til kroner 10 pr.stk. Eg er absolutt ikkje samlartypen, men desse bokborda får eg meg ikkje til å gå forbi. Eg leitar meg gjennom stabel etter stabel, rad etter rad, – og så ringjer det ei klokke når eg finn ei bok som «treffer meg». Eksempelet her er «Krabvåg» av Regine Normann. «Skildringer fra et lite fiskevær.» Attpå den store Nord-Norge turen i sommar, kunne eg berre ikkje late boka bli liggande!

 «Det hadde vært aparte godt fiske. I fjæra hadde oljekledde menn travelt med fangsten, gjorde til, sperret og hengte på hjell – vasset mellom steinene i snøen kumbøyd under byrden av nyfisket, glinsende torsk.»

Meir frå «Krabvåg» og litt om Regine Normann på:

http://www.hugen.no/reisa/reisa08.htm

Advertisements

november 16, 2006 - Posted by | Uncategorized

8 kommentarar »

  1. På den tiden den der boken ble skrevet så drev de sikkert med «kokfesk» fremdeles der oppe i nord.

    Kommentar av Sexy Sadie | november 17, 2006 | Svar

  2. Takk, Sexy Sadie! Er «kokfesk» ein av rettane du steller til bak sofaen når du først har låst døra? #;-) Eg var ikkje glad i kokt ferskfisk i min yngste ungdom, men så fekk eg servert kokt nytrekt pale i Øygarden utanfor Bergen. Etter den gongen må du gjerne kome med «kokfesk» til meg. (Regine Normann debuterte med «Krabvåg» i 1905, ser eg.)
    Turen til Nord-Norge tar altså ikkje slutt etter at eg er komen heim, for no rykker nordnorske forfattararar meg innpå livet. Turen gav meg leselyst. Magnar Mikkelsen er også på lista.

    Kommentar av hugen | november 18, 2006 | Svar

  3. Sorry,Hugen.Fiskermannen er nok ikke lenger det han var –

    Kommentar av anjaunlimited | november 19, 2006 | Svar

  4. Hugen.

    Kokfesk er en skikk der oppe i nord, det går ut på at hvis man gikk ut på fjorden og fisket så fikk alle naboene fisk av den fangsten ut i fra resiprositetprinsippet.

    Kommentar av Sexy Sadie | november 19, 2006 | Svar

  5. Takk, Anjaunlimited? – Skal vi dermed setje vår lit til Fiskerjenten? Likar du fisk for resten? Siste tida har det gått på sild og makrell her på bruket. Nydeleg, nam-nam!

    Ei anna sak, Anja: Eg får ikkje kommentere på bloggen din fordi eg ikkje har Google-blog sjølv. Og e-mail adressa di vil ikkje vere venner med meg. Kjennest dumt og ikkje kjekt.

    Kommentar av hugen | november 20, 2006 | Svar

  6. Hei, Sexy Sadie! Her i den fiskerike fjordpollen hos oss opplever vi noko liknande. Når gode naboar har gjort eit varp, blir det noko på oss også. Makelaus kvalitet!

    Kommentar av hugen | november 20, 2006 | Svar

  7. Så dumt med den der e-mail adræssa-
    Æ e analfabet når det gjeld datan
    Vi får kommuniser via kommentarfeltet ditt innte vidre
    Fiskerjenten……; æ vart helt rørt.
    Apropos fiske
    Drithærlig å hør på værmeldinga for fiskebankene ifra Bergen på p1 grytidlig om mårningen
    Viktig årstall for stolte nordlænninga…. :
    Det året da sunnmørsbanken gikk konkurs : )

    Hilsen Anja, sjøhh!
    Slutt

    Kommentar av anjaunlimited | november 21, 2006 | Svar

  8. Hei Anja! – Det var eit fint dikt du hadde på bloggen din, om veslejenta som ligg i baksetet og høyrer på kor det klikkar der framme ved rattet når far skiftar frå fjernlys til nærlys – og tilbake til fjernlys. Kor ho kjenner seg trygg, kor ho har det godt! – Da Sunnmørsbanken gjekk konkurs var det mange lenger nord i landet som fekk ein ekstra festdag. Eg høyrde ein kar i radioen som prøvde om att og om att å hjelpe seg sjølv til å forstå at dette verkeleg var sant, som ein tredobbel 17.mai! Kor han godta seg! Men han torde likevel ikkje rope Hurra! – for det kunne jo berre ikkje vere sant, vel?

    Kommentar av hugen | november 23, 2006 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: