Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Blogg og sopp

haustsopp1.jpg

2.november 06: Det er andre månaden min i «blogosfæren», og det er stadig mange nye gater å streife rundt i. Eg vil ta det med ro, men ikkje heilt slå meg til ro – d.v.s. eg vil ikkje prøve å gape over alt, men heller ikkje slutte å vere forviten. Her kan ein få bakoversveis, for det er ikkje måte på sterke utspel –  eller luggen blir hengande berre beint ned som om han var vassbløytt, for det skjer null og niks og ingenting. Her alle hus opne, og vitnar om frie former og generøsitet, og her er  kvar ei dør stengd, for kven har lovd noko anna enn at det gjeld å ta vare på seg sjølv. Som når du plukkar sopp, er det ikkje måte på alt rart som finst, men kva er til å ete til middag, – og kva er til å ete seg til meins på? Internett er internett, også på bloggen.

(Foto: S.K. – Ved foten av treet)

november 2, 2006 - Posted by | Uncategorized

7 kommentarar »

  1. Sant det du skriver der, internett er internett uansett om man er sosial på diskusjonsforum eller på blogg.

    Kommentar av Sexy Sadie | november 2, 2006 | Svar

  2. Takk for kommentar, Sexy Sadie! – Når eg seier at «internett er internett» så tenkjer eg på at nettet gir både ei sterk kjensle av nær og meiningsfull kontakt, og samtidig er skjermen kald og glashard og tørkar ikkje tårene til brukaren. – Ja, eg har skifta oppsett, for å få større skrift (smått prent er eit problem). Ein kan jo ikkje styre skrifta sjølv, men må takke til med det som det ferdige oppsettet byr på. – Så gjengangarproblemet: Gjer eg det rett når eg prøver å linke? Eg gjer atter ein prøve, og no til deg. Funkar det ?

    Kommentar av hugen | november 2, 2006 | Svar

  3. Ser sånn ut.

    Kommentar av Sexy Sadie | november 3, 2006 | Svar

  4. Takk, Sexy Sadie, for tilbakemelding!

    Kommentar av hugen | november 3, 2006 | Svar

  5. Enok, jeg har også problemer med å lese liten skrift, men når jeg trykker cntr + så får jeg større skrift. Det er mulig det bare gjelder Firefox? Mannen sier det kanskje er en annen kommando i Explorer.

    Kommentar av Beate | november 28, 2006 | Svar

  6. Hei Beate! Det er ein lette å lese på Eldreveven –
    http://eldreveven.no/index.php?action=post&id=284
    – for der skrifta grei. Elles er det mange mange som plagast med smått prent på nettet. Tipset ditt om ctrl + hjelper ikkje hos meg. Får forske vidare på Explorer. Elles har eg prøvd Firefox, som var grei og som var på nynorsk! – men eg var ikkje heilt sikker på om han fekk med seg alt bildestoffet, han svikta t.o.m. på mine eigne sider og tekstar. Kanskje det vart noko kluss med at eg hadde inne både Explorer og Firefox. Til så lenge får Mikkel Rev permisjon, men eg vil nok prøve igjen. «Pytt!» sa han Pål, » eg er ikkje bange!»

    Kommentar av hugen | november 28, 2006 | Svar

  7. Så fin sopp 🙂 Åt matblekksopp berre ein gong i haust.

    Kommentar av Hallvord | desember 23, 2006 | Svar


Kommenter innlegget