Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Seinhaustes

halmrullar.jpg

28/10: Første frostnatta i natt. Rim i graset, is på frontruta. – Ei rogn ikkje langt frå kjøkenglaset  har mist det meste av lauvet og stod att med delikate raude bær i store mengder. Mens vi hadde vår frukost og kom til egget,  kom ein vrimlande hær  med hòlsvoltne gråtrast og kasta seg over rognebæra. Kor dei gassa seg! Nokre dompapar dukka også opp, men heldt seg i bakgrunnen. – Du har kanskje fått den første snøen?

(Foto: S.K. – Frå ei mjøsbygd)

31/10: I dag var andre bordseta i rognetreet. Der sat  så tett med fugl at det var ikkje råd å telje dei. Kvitemannen slepper skjorta si stadig lenger nedover fjellsidene. Det sluddar.

Og heilt greitt for meg at nissen får fyken i Elverum:

http://www.vartland.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20061031/ARTIKLER/61031020/1079

1/11: Sauekjøtet (sider og lår) har lege lenge nok til salting (praktiserer tørrsalting). Eg tek kjøtet opp og skyljer av så mykje som råd av det lause saltet. Så legg eg det i rennande vatn, og der skal det få liggje nokre timar får eg hengjer det opp til tørking og speking.

Så kom den første snøen.

Advertisements

oktober 28, 2006 - Posted by | Uncategorized

4 kommentarar »

  1. På bildet så ser det ut som at det er en kjempe som har leiket seg. Utrolig flott stemning der med tåke og høstfargene.

    Snøen har kommet hit også, jeg får lære meg å leve med det.

    Kommentar av Sexy Sadie | november 2, 2006 | Svar

  2. Er nok einkvan som vil herme etter han du veit, han poden med klinkekulene.

    Kommentar av hugen | november 2, 2006 | Svar

  3. Skremmende, det der.

    Kommentar av Sexy Sadie | november 5, 2006 | Svar

  4. Her er dei to siste versa. Koss skal vi tenkje oss eit nytt sistevers?
    —————–
    Omsider kom han trett, som alle poder når det
    er kveld og leken har vært sen.
    Han lå på kne og samlet sine kloder. Da så han
    at han hadde mistet en
    «Den lille blå! Den minste av dem alle!» Han lette
    under gress og sten og hekk.
    «Og den som var så blank i solefallet!» Men mørket
    kom, og kulen den var vekk.
    Det var vår egen Jord som var blitt borte, og marken
    lå der nattekald og våt.
    Og Gud gikk hjem og hutret i sin skjorte. Men jeg
    kan ikke huske om han gråt.
    Og vi som av den lille jord en båren og tror
    at intet teller uten den,
    får håpe at Han leter mer i morgen og at
    Han finner oss igjen.

    Kommentar av hugen | november 6, 2006 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: