Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Turisme og hjartelag

Kom til å høyre ein person seie omtrent som følgjer: Vi, som bur i dette veldig rike landet, som reiser stadig meir og meir, lengre og lengre ut i verda, – til alle stader som tenkjast kan! Aldri har folk i dette landet reist meir enn dei gjer i dag. Tenk på alt som alle desse reisande får sjå og oppleve, – ikkje berre idyll og det spektakulære, men også nød og elendigheit utover all  forstand. – Får vi så ei sterkare medkjensle og ein større trong til å hjelpe?

Og vedkomande  syntest ikkje å merke noko særleg til  at turisme gir folk eit mjukare hjarte.

Advertisements

oktober 23, 2006 - Posted by | Uncategorized

5 kommentarar »

  1. Nei, en reisende kan nok på mange vis bli en overgriper.

    Jeg ble kvalm da jeg leste om de festende nordmennene på Pattya under og etter orkanen som herjet Thailand i 04. Da var det katastrofeområde 3 km unna.

    Kommentar av Sexy Sadie | oktober 25, 2006 | Svar

  2. Ja, Sexy Sadie, turisten har vel som for eksempel dei engelske lordane som begynte å oppdage turistlandet Norge, gjerne inntatt ei respektlaus ovanfrå og ned haldning. Den moderne «pakketurismen» er ofte meir ein påtrengande industri enn at folk reiser og leitar på eiga hand. Eit påfyll, eller alternativ til turismemaset, kan vere å få seg venner i andre land, og så invitere dei til å kome hit, og vi blir heilt sikkert sterkt oppfordra til å kome dit. Har opplevd utanlandske pakketuristar som har reist meir i Norge enn eg nokon gong kjem til å gjere, som har så sterkt ønskt å få KONTAKT med folk, at dei «ropte» høgt etter norske sivile, og store gilde besøk begynte å gå begge vegar – dei hit til våre kantar, nokon av oss til deira land og deira hus og hage.

    Kommentar av hugen | oktober 25, 2006 | Svar

  3. Man må oppføre seg voksent når man er på tur, det gjelder «oss» og «dem».Flott nytt design forresten.

    Kommentar av Sexy Sadie | november 2, 2006 | Svar

  4. Som vakse folk, ja, med verdigheit. Men så kan det smake så forskjellig, – som turistar er vi ein del av eit produkt. Strevar litt med ein bismak som kan følgje av å vere dette produktet.

    Kommentar av hugen | november 2, 2006 | Svar

  5. Eit apropos, i Thailand vil dei lære turistane folkeskikk:

    http://forbruker.no/reise/article1556701.ece

    Kommentar av hugen | desember 4, 2006 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: