Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Nord-Norge kompleks?

I sommar var eg for første gong i mitt liv ein tur i Nord-Norge, med hurtigruta frå Ålesund like til Kirkenes, og tilbaketur sørover over land gjennom seks dagar. Det vart ei svimlande storarta oppleving, fantastisk! Når eg etterpå seier til folk at eg har kjent det som slags skam at eg ikkje har vore nordover før, så ler dei og spør om eg har hatt «Nord-Norge kompleks»? Kva trur du eg skal seie og tenkje om den tingen? Kva er eit Nord-Norge kompleks?

Advertisements

oktober 19, 2006 - Posted by | Uncategorized

10 kommentarar »

  1. Veit ikke helt hva et Nord-Norge-kompleks er jeg heller, men jeg trur det må ha noe med å gjøre at de som ikke har vært noe særlig i Nord-Norge føler en slags skam eller skyldfølelse. En dårlig samvittighet for at de ikke har vært der. En «Ja-der-burde-jeg-ha-vært,-men-det-er-så-mange-andre-steder-jeg-vil-til-først»-skyldfølelse.
    Jeg tok sjøl hurtigruta i mai i våres og hadde en fantastisk tur. Var knallheldig med været og når jeg ser på bildene fra turen, kan jeg liksom ikke forstå at jeg har sett alt det vakre. Men det har jeg altså.
    A

    Kommentar av Fru Gran | oktober 20, 2006 | Svar

  2. God ettermiddag, fru Gran, – og takk for kommentar! Så dette komplekset finst, altså, – tampen brenn, skal eg tru deg. Vi er kanskje meir flau over å ikkje ha vore i Paris og London, enn over å ikkje ha vore i Tromsø og på Nordkapp?. Vel, det var i alle fall ei stor oppleving å gjere reisa nordover. – Vel heimkomen gir eg etter for eit kick på å lese om Nord-Noreg, – på nettet, i tiddskrift, på blogg. Eit rikt tema!

    Kommentar av hugen | oktober 20, 2006 | Svar

  3. Er det ikke nordlendingene som har et nordnorgekompleks da?

    Kommentar av Sexy Sadie | oktober 20, 2006 | Svar

  4. Hmmm, Sexy Sadie, – vel eg har lese ein tale frå da Universitetet i Tromsø var i starten, og moralen var at det nordnorske skal løftast fram på eigne vilkår, – og det høyrest ut som ein kur mot eit kompleks. Men kva med tanken som Fru Gran er inne på i sin kommentar ovanfor?

    Kommentar av hugen | oktober 20, 2006 | Svar

  5. Jeg synes Nord Norge er det vakreste Norge.

    Kommentar av Sexy Sadie | oktober 20, 2006 | Svar

  6. Vakkert sagt, Sexy Sadie, og klokare enn å mase om kompleks og slike vasne ting. – For min del var eg full av forventning før vi la i veg, gledde meg! – og hadde «mitt livs reise». – (Funkar linken?)

    Kommentar av hugen | oktober 20, 2006 | Svar

  7. Joda-tok hurtiruta ca 95-Var i bipolar fase den gangen og hadde nok med meg sjøl-
    Nordnorge utrolig vakkert-bare så tragisk med planer om olje-vindmøller etc. etc.,og sannsynlig vis gigantiske vegprosjekt
    Men sjølsagt-Dæm skal vel leve av noe oppi der også…
    Ellers:Så deilig med nynorskblogg
    og Aasenref.
    Syns personlig»Millom bakkar og berg utmed havet» skulla vært nasjonalsangen vårres
    Prøve sjøl å gå litt over til trøndersk etterhvert-men noko held igjen-
    Hipp hurra for Ivar Åasen og død over ensretting og pseudolekter!
    Slutt

    Kommentar av anjaunlimited | oktober 21, 2006 | Svar

  8. Hei Anja! Takk for innlegg med pluss til Nordnorge og til nynorsken. Både Nordnorge og nynorsken har sitt å stri med, og framtida er uviss for både dei og mykje anna. Men vi vil tru det beste, snakke og lytte til dialekt så godt vi kan og synge songar som har noko bra føre seg, – og som fører god tru med seg.

    Kommentar av hugen | oktober 21, 2006 | Svar

  9. I 7-8 år har eg abonnert på tidsskriftet Ottar som blir gitt ut av Tromsø Museum – Universitetsmuseet i Tromsø. Det gav meg ein viss ballast og skjerpa appetitten før vi gjorde den store Nordnorge-reisa i sommar. Hefte 2/06 har temaet «Forvaltningen av Barentshavet»,  ein grundig, variert og viktig informasjon. Konklusjonen er at det nok kan vere svært vanskeleg å spå om framtida, – og «Ottar»  gir oss ei krystallkule med  tre scenario å gruble og gjette på.

    Lenkje: http://uit.no/tmu

    Kommentar av hugen | oktober 21, 2006 | Svar

  10. Til Anja! – Slepper ikkje gjennom med comment fordi eg ikkje er i same blogrederi som du, – og e-mailen slepper heller ikkje gjennom. Så derfor, her er meldinga til deg:

    Anja! Takk for Gamle Noreg. Vi må rekne med at både du og eg og ein
    bråte med anna fagnadfolk er ein del av dette gamle gode Noreg, – eit tertiært eller kvartiært segment – skulle vi nok tru.

    Kommentar av hugen | oktober 23, 2006 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: