Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Bloggbussen

bloggbussa.jpg 

Å blogge er som å reise med ein buss, du reiser ikkje aleine. – Du stoppar bussen og stig på. Bussen køyrer og stoppar, køyrer og stoppar. Nye kjem på, andre går av. Kjende og ukjende, nye til å bli kjend med, andre til å kjenne att og dele gjensyn med. Nokon byr deg plass. Nokon kjem og set seg ved sida av deg. –  Bagasjen for dei reisande kan vere så ymse. Koffert. Sekk. Plastposar. Ransel. Sveittelukt. Cola. Ein bunke aviser. Ei pølse på pledd. Øyreproppar og medbragt musikk. Gammal parfyme. Nystroken skjorte. Ny parfyme. Handveske til å ha på fanget og til å halde seg fast i med begge hender. – Best det er opnar du skreppa og tek fram noko av ditt habengut, medpassasjerane kjem med sitt pikkpakk, – det blir samanlikning og bytting, naturalia mot potetgull, replikk mot replikk. Vits på vits på vits. Spørsmål mot svar. Meining,  motmeining, krangel, latter. Politikk. Galskap, tull og tøys og tårer. Ingen er den same og har det same i sekken når dei trekker i snora og bussen slepper dei av, som då turen starta. – Berre hugs hugs hugs: Ikkje gå over vegen før bussen har kjørt.

Advertisements

oktober 12, 2006 - Posted by | Uncategorized

5 kommentarar »

  1. Fekk eit innfall og bad google finne «bloggbuss». Og sjå her:
    http://www.mobilblogg.nu/o.o.i.s?id=33&imgid=23978

    sa’n

    Kommentar av hugen | oktober 13, 2006 | Svar

  2. En fin sammelikning du har der. Jeg er glad i å reise med buss, ikke lokalbuss til jobb, men heller lange turer.

    Kommentar av Prinsesse Vil Ikke | oktober 15, 2006 | Svar

  3. Takk for kommentar! Eg har enda ikkje vore på bloggen i ein månad og har blitt totalt overrumpla av kor mange som bloggar. Heimesida, postlister og ordna korrespondanse har vore min stil. – Og så kjem eg hit der folk bloggar i veg så det susar! Bloggane er frie og flotte med bilde og stilige oppsett. Korleis forklare fenomenet? Viss ein vil, kan ein vandre dagen lang frå blogg til blogg, – dørene står jo på vidt gap. Her kjem ein saman med folk som ein elles aldri ville fått kontakt med, – som på bussen, eller flyet, eller heimevernet.

    Kommentar av hugen | oktober 15, 2006 | Svar

  4. På bloggen «Arkeologi i nord» er å lese om koss ein pr. satelitt kan lese seg ned gjennom jordoverflata til steinalder og vikingtid. Spennande!
    http://arkeologi.blogspot.com

    Kommentar av hugen | oktober 17, 2006 | Svar

  5. Nå kan du ta bloggbussen et stoppested videre, og ta over stafettpinnen fra meg, jeg har «tagget» deg, dvs at du og kan få svare på følge den spørsmål:

    «Ting jeg fattet for seint»
    http://beatesrasteplass.wordpress.com/2006/10/17/ting-jeg-fattet-for-seint/

    Kommentar av beatesvei | oktober 17, 2006 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: