Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Den store reisa

Gjorde min Nord-Noreg debut sist sommar. Reiste i hyggeleg lag med hurtigruta frå Ålesund til Kirkenes og snudde så sør og heim att med fly og buss og bil og båt, med heldige stopp på vegen. Det var på høg tid etter som eg etter kvart er blitt 70 år. Sit med mange hundre bilde, tekne i forbifart og på fråstand, men eg opplevde dei likevel som nærkontakt og sterke inntrykk, og dei dirrer og lever. Eg vil ikkje gi slepp på dei, for at dei ikkje skal gi slepp på meg.

Reisa er over, men Nord-Noreg er så vidt begynt i meg. På heimesida mi vil eg prøve å setje inn bilde og fortelje frå turen, litt etter kvart.

Men, altså: Her på bloggen vil eg gjerne høyre tankar og meiningar, og erfaringar, om koss gode minne best får leve vidare. Korleis steller ein med dei på klokaste måten?

Advertisements

september 21, 2006 - Posted by | Uncategorized

10 kommentarar »

  1. Fann ein spennande blogg om (krigs)historie, la inn ein kommentar som eg også set hit til min eigen logg:

    Hei! Friskt mot! – Har hatt ein sommar meir på reis enn vanleg for meg. Det gav så mange inntrykk, som eg gjerne vil ta vare på og fortelje om, men kjenner på eit dilemma: Krigshistorie er fascinerande, men skal ein velje den før den sivile historia (fredshistoria)?

    Kommentar av hugen | september 23, 2006 | Svar

  2. Hva er linken til den andre bloggen, Enok?

    Kommentar av beatesvei | september 23, 2006 | Svar

  3. Takk for spørsmål, Beate! Vedkomande blogg er: http://vagstol.wordpress.com/

    Du har vore mykje ute og reist. Kva gjer det med deg? Kva gjer du med dét?

    Kommentar av hugen | september 23, 2006 | Svar

  4. Jeg vet ikke helt hva det gjør med meg. Men det jeg savner er de små øyeblikkene som ikke kommer tilbake. Og de minnene som er sterkest, det er været, hvordan det kjennes når man lukker øynene. Og maten. Jeg kan kjenne smaken av en kake jeg spiste i et kloster i Polen i -82, og en is jeg spiste i Guatelama i -89.

    Takk for spennande svar! – Eg har tenkt å spinne vidare på temaet, og etter som skrivinga får form, vil eg heile tida leggje den ut på heimesida/bloggen. Gir meg no tid til å fundere på den polske kakesmaken, og om det vil passe med latinamerikansk is attåt.

    #;-)

    Kommentar av beatesvei | september 23, 2006 | Svar

  5. Du vet om du skiver et ordinært innlegg og der legger til linken til vagstol, så får han vite at du har skrevet om ham, fordi han blir varslet automatisk om det. Slik lager man forbindelser i bloggverdenen 🙂

    Takk for all support. Eg lærer seint, men vil gjerne få det til! Har prøvd å sende ei lenkje til vagstol, no i etterhand.

    Kommentar av beatesvei | september 23, 2006 | Svar

  6. Hei, Hugen.
    Har blitt nyfiken på både bloggen og nettsida di.
    Spanande tekstar.
    Sei frå viss du er innom Vadsø ein gong.

    Takk for hyggeleg tilbakemelding! Eg merkte meg bloggen din fordi dui skriv nynorsk, og etter kvart såg eg at her var mange fine bilde og kjekke ting å lese. Vel, – skal noko til at eg kjem til Vadsø igjen, men om det skjer: kven skal eg sprøje etter?

    #;-)

    Kommentar av Varangertankar | september 23, 2006 | Svar

  7. Hei beate! Dete var dette med «å legge til linken». Har eg lagt til linken din no? http://beatesvei.wordpress.com

    Kommentar av hugen | september 27, 2006 | Svar

  8. Nei, for at personen du linker til skal få beskjed om at du har gjort det, må det gjøres i et ordinært innlegg. Da jeg linket til deg i en post, da fikk du en mail om at du ble pinget, eller det sto på dashbordet ditt, gjorde det ikke?

    Kommentar av beatesvei | september 27, 2006 | Svar

  9. Atlså et innlegg, ikke en kommentar.

    Kommentar av beatesvei | september 27, 2006 | Svar

  10. Til Beate! – Takk igjen, men eg er ein treg elev, og du må ikkje øyde opp alt tolmodet ditt på meg.

    Kommentar av hugen | september 27, 2006 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: