Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, - vil prøve!

Du sæle sommartid!

June 7, 2007 Posted by hugen | Uncategorized | | No Comments

Kvite kyr i fjellet

 kvit-buskap.jpg

VINTEREN HAR GLØYMT ATT

 Vinteren har gløymt att kvite kyr i fjellet,

der beiter dei i grøne hall.

Men vårsoli og graset er for sterke,

dei magrast for kvar ein dag.

(Olav H. Hauge) 

 

June 4, 2007 Posted by hugen | Uncategorized | | 1 Comment

Kor mykje skal ein tjeld tåle!

tjeld01.jpg

De vengelause to-fotingar! Kvifor har de hengt opp postkassene dykkar der eg har reiret mitt!?!?!?

Viss de ikkje vil forstå, - vel, da er luftforsvar det neste!

tjeld02.jpg

 

May 28, 2007 Posted by hugen | Uncategorized | | 11 Comments

Eg har sett ein mår!

mar.jpg

Kor makelaust heldig eg var i dag, - eg fekk sjå ein mår! Den første levande og heile og naturlege måren eg har sett med mine eigne auge.

Det gjekk slik til: Eg var ute og steig litt ikring huset i opphaldsveret, laga meg til å hente ut plenklipparen. Med det same kastar eg eit blikk bortover i skogen som står tett opptil tomta, og der eg har hengande eit par fugleholkar. Og der, oppå toppen av den næraste holken der svart-kviten har flytta inn, der låg eit dyr eg aldri har sett før, men eg visste heilt klart og sikkert med ein gong at det var ein mår. Han låg skinnflat nedåt fuglekassa, dei trekantforma øyro stod ut frå det vesle hovudet. Den lange bustete halen hang som eit pølseaktig slips nedover langs sida av holken. Han var lys brun. Ein augneblink tenkte eg at det kunne vere ein katt, men dette var ingen katt, nei! Der låg han, måren, tett ved innflygingsholet i holken, klar til å slå kloa i svart-kviten, - enten han no skulle vere på veg ut eller inn. Kamera! var det ein tanke som kviskra tynt og hjelpelaust, men det var jo ikkje til å tenkje på. Så gjorde eg tabben, flytta meg over til det andre hjørnet av skjolet, for å kome han nærare. Da eg titta fram på det andre hjørnet, var han vekk.

Så var det rett inn og sjekke i dyrebøker, og alt stemte: Eg hadde sett ein mår!

Da eg kom ut att, gol gauken. Han høyrer eg ikkje så ofte her på Bjørke som heime i mi barndoms bygd. Men dette var det flottaste og gladaste ko-ko eg har høyrt! - og det var det første i år.

Av bøkene forstår eg at måren er heller sjeldan og er i ferd med å forsvinne mange stader. Eller held han på å ta seg opp att?  Kor vanleg er det å sjå han i Hjørundfjorden, eller der du bur?

(Teikninga er kopiert frå Norges dyr, Cappelen, 1972.)

Har søkt på “mår” på nettet, og det dukkar opp fleire bilde. Her to av treffa:

http://nidaros.nina.no/mar/artsfakta.htm

http://www.adressa.no/nyheter/moreromsdal/article855171.ece

May 21, 2007 Posted by hugen | Uncategorized | | 5 Comments

Staren

stare2.jpg

Han har begynt å byggje i holken.

Viss han meiner alvor denne gongen, ville det vere stas!

May 4, 2007 Posted by hugen | Uncategorized | | 6 Comments

Linerla

linerla1.jpg

Linerla, - fjørlett på tå, på eit nausttak på Leira.

April 16, 2007 Posted by hugen | Uncategorized | | No Comments

Husk at du er av havet

bat-ved-kai-002a.jpg

 

Å dette endeløse rom

Hva er da et menneske

at du kommer ham i hu

 

Alt er av ånd og derfor

min sønn vær nå trøstet

Snart dekker hun bordet

 

Gjøkalven slaktet vent

Din brors motvilje skal

vendes til omsorg vent

 

Åndens gave er deg gitt

Dråpen vet at den hører

havet til så frykt ikke

 

Husk at du er av havet

Tilbake til din mor nå

hvis hun kaller på deg

 

(Arnold Eidslott: Husk at du er av havet)

 

April 5, 2007 Posted by hugen | Uncategorized | | 1 Comment

Side om side

oppover.jpg

Side om side står dei der, - sendar og mottakar. På same kanal?

voldakyrkja-b448.jpg

Så fell det seg slik at Volda kyrkje har 75 års jubileum i desse dagar.

Ovanfor er ein kopi av jubileumsheftet for 25 år sidan.

Og her eit foto av kyrkja i dag: http://www.volda.kommune.no/Fotogalleri_4/pages/Volda%20kyrkje.htm

March 25, 2007 Posted by hugen | Uncategorized | | 8 Comments

Corporate soul

 album19-b200.jpg

The picture above is from my web album at: http://www.hugen.no/album/album19.htm

Several of my net friends commented it and we were brought into a discussion about “industry’s need for ground”.

Sebastian Mendler offered me a link to his column. Below you can read the introduction and at the bottom a link to the whole column. - And, of course, your are welcome to bring your comments on the blog here!

 

Corporate soul

By SKIP MENDLER

Whether it’s ExxonMobil or Halliburton, Lockheed Martin or ADM, Enron or New York Regional Interconnect, Inc., you can’t look for long at peace, social justice or environmental issues in the U.S. without running into questions about one of the fundamental institutions of our society, namely the corporation. The impact of corporations on every aspect of our lives, and especially our political process, has never been greater—and never before have we been confronted with so many critical questions about the responsibilities that corporations bear to the society in which they operate.

More from this column on:

http://www.riverreporter.com/issues/06-06-22/columns-peace.html

March 18, 2007 Posted by hugen | International (English) | | 7 Comments

Polaråret

polar02.jpg

Altså, polaråret opna i dag, - og litt stolt for at eg var i Tromsø i fjor sommar på første Nord-Noreg turen eg har gjort. Har liksom ein aldri så liten aksje i “det polare”, - ein polaraksje.

Såg eit opningsprogram på Schrödingers katt i kveld, - og kva skal ein seie, tru og meine?

polar01.jpg

March 1, 2007 Posted by hugen | Uncategorized | | 7 Comments