Ny gåte

Fotografen ikkje heilt stø på handa, og motivet i rask rørsle, men vi prøver likevel: Kva er dette?
(- og kva har skjedd?)
8 kommentarar »
Kommenter innlegget
-
Siste
-
Lenkjer
-
Arkiv
- november 2009 (4)
- oktober 2009 (4)
- september 2009 (4)
- august 2009 (4)
- juli 2009 (3)
- juni 2009 (3)
- mai 2009 (3)
- april 2009 (5)
- mars 2009 (4)
- februar 2009 (2)
- januar 2009 (3)
- desember 2008 (3)
-
kategoriar
-
RSS
Innlegg RSS
Kommentarar RSS


Hmmm, er det ikke en Canadagås da?
måsen prøver ballkjolen
speiler seg i fjorden…
Takk for glupe svar, Sexy Sadie og Akeleiedame! De er begge to fullt kvalifiserte til seks poeng, – de viser at de har god peiling og kreativ fantasi. Om ein skal vere pirkete og seie kva som er det “rette” svaret, så er det altså gråhegre (som er ein favorittfugl for fotografen). Det som skjedde var at eg halvt i vanvare gjekk meg innpå ei hegre bakfrå. Ho stod i djuptenkt konsentrasjon i fjøra ved fjøre sjø og speida etter f.eks. ein liten ål til frukost. Eg greidde å fomle og lage kameralydar (som skulle vore unødvendige) så pass bråkete at ho såg seg bakover skuldra og fann det tryggast å ta til vengene. Men bildet vart no slett ikkje verst! – Det ville vere spennande å høyre om de har ein favorittfugl. Hos meg kjem visst tjelden på andreplass og linerla på tredje, men der er jo berre fjonge fuglar!
Utrolig bra bilde, uansett.
Det ser ut som en engel i fart…men hegren er et herlig syn, en slags klønete elegant stil over takeoff’en her:)
Jeg kan se hegre fra stuevinduet mitt rett som det er, og syns den er en flott fugl. Men jeg er vel mest glad i stokkendene som svømmer forbi. Og så liker jeg meisene som jeg legger ut mat til nå om dagen – og så syns jeg skjura har så fint fargespill i fjærene når sola skinner…
Takk til Sexy og Trine for honnør til hegra! Ein nykomar like innved land her hos oss er ein bitteliten svart fugl, som klipt ut av svart papir, rask og ivrig, og svær til å dykke – og flyge. Kan det vere ein skarvunge? Googla på skarv og kom til gledesdrepande oppslag om massakrering av skarvungar og også hegre, truleg frå hysteriske “fiskevernarar” Korsom er, ein barneboktittel datt ned i haudet på meg: “Fuglane kor dei flyg” av Rønnaug Kleiva, som blir festspelforfattar på dei Nynorske festspela til våren: http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=16&id=10252
Såg fyrst ut som ei måke i skuddaugonblikket. Men, nei eg veit ikkje.
Hei Ingrid! Takk for innspel! – Fuglen – ja, det er ein fugl, – ei hegre, som for meg tilhøyrer fugleadelen. Og, rett som du seier, bildet er tatt i skuddaugonblikket. “Våpenet” er ikkje ein muskedunder, men eit kamera med det våpenliknande namnet Canon. – Vonar det står bra til i Øystese med både folk og fuglar!