Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Bot som bøter?

Den nynorske vekeavisa Dag og Tid har ei fast spalte til høgre på side 3: Sett & Saksa. Her stablar dei opp – frå kjellar til loft – 12-15 sitat frå norske aviser. Mykje greinalaust blir skrive, ein veit ikkje om ein skal le eller gråte. I siste nummer som kom i dag, fekk dette klippet meg i alle fall til å stusse:

“En mann fikk bot fordi han er 70 år gammel.”

Kjelda er Harstad Tidende, som ikkje seier noko om mannen også måtte i fengsel.

august 28, 2009 Posta av hugen | Uncategorized | | No Comments Yet

Fundas

Sit no slik og fartar omkring på nettet i ymse ærend. No var det ordet “fundas” eg ville ha ei forklaring på. Får å vite at det kan tyde noko slikt som reglar eller statuttar. Såleis heiter det i “Fundas for Hartvig Larsens guldmedalje”,  innstifta for snart hundre år sidan:

§ 7. Den som blir tilkjendt medaljen, kan vælge om han vil motta den i guld eller i bronse med tillæg av et kontant beløp svarende til forskjellen i metalværdien.

Og kva ein kunne få medalje for? I dette tilfellet galdt det å skrive framifrå godt om eit utlyst emne frå nordisk litteraturhistorie.

Kunne ei slik “alternativ medalje” ha noko for seg f.eks. i skiskyting?

august 27, 2009 Posta av hugen | Uncategorized | | No Comments Yet

Nawal El Saadawi

 saadawi

Stundom kjem ”verda der ute” heilt nær. Måndag kunne ein møte og høyre Nawal El Saadawi i Aasentunet. Det var fullt hus i Salen med mange unge til stades. Applausen var sterk og langvarig.

 Ho er  frå Egypt og er forfattar og kvinnesaksforkjempar. Ho hadde ei kort mellomlanding i Hovdebygda før ho reiste vidare til Molde der ho i år er festivaldiktar under Bjørnsonfestivalen. Ho er no 78 år, men snakk om om kvikk dame! Utdrag frå omtalen på heimesida til Bjørnsonfestivalen:

”El Saadawi har i mange tiår vært den sterkeste kvinnestemmen i den arabiske verden. Som lege på den egyptiske landsbygda var hun vitne til prostitusjon, æresdrap, tvangsekteskap, vold og kjønnslemlestelse. El Saadawi besluttet å gi en stemme til lidelsene, og har publisert mer enn førti bøker som i all hovedsak omhandler arabiske kvinner, deres sosiale og juridiske status. Flere av publikasjonene hennes er forbudt i Egypt. Funda-mentalistene utstedte en fatwa mot henne etter utgivelsen av romanen Imamens Fall i 1988. I 2007 reiste muslimske rettslærde en sak mot henne pga skuespillet God resigns at the summit meeting. El Saadawi dro i eksil i påvente av dom i saken. 13. mai 2008 vant hun saken.”

Omtale: http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=16&id=10257

august 25, 2009 Posta av hugen | Uncategorized | | 2 kommentarar

Kongo

Rettssaka mot Moland og French i Kongo kan få oss til å tenkje om vi eigentleg veit så mykje om dette landet.

Denne boka er ein oppdikta  roman som er spesiell og spennande, men er samtidig bygd på så klår kunnskap at boka også verkar som ein dokumentasjon. Overgangen frå belgisk koloniherredømme til diktatoren Mobutu (med det korte mellomspelet der Lumumba vart fiksa ut av vegen) er rystande lesnad.

Boka er: Barbara Kingsolver: Gifttreet  (Gyldendal 2000)

Ei bokmelding som kan gi meir kjøt på beina: http://www.dagbladet.no/kultur/2000/07/23/212528.html

 

august 12, 2009 Posta av hugen | Uncategorized | | No Comments Yet