Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Krystallsykja

Her om dagen vart eg så svimmel at alt gjekk rundt som ein løpsk karusell enda eg berre hadde snutt litt på hovudet der eg låg og vakna til ein ny dag. Ved flaks og godtfolks hjelp kom eg meg til ein fysioterapeut som var ganske sikker på diagnosen: Krystall-sykja. Fekk med meg heim att ei øving å halde på med, og nokre dagar seinare vart eg friskmeldt! Heldige meg! Er framleis lettkokt i haudet, men sjansen for å få nye svimlebyger i krystallklassa skal vere minimal. Søk på nettet på “krystallsyken”, og det er stoff i lange baner. Her ei lenkje til ei kontant og grei forklaring (les under “Krystallsyken” – BPPV): http://www.nulltilhundre.no/svimmelhet/

juli 3, 2009 - Posta av hugen | Uncategorized | | 2 kommentarar

2 kommentarar »

  1. Det ordner seg-Hugen:0)
    Klæm
    Slutt

    Comment av anjaunlimited | juli 5, 2009 | Svar

  2. Takk, Anja! Atter og atter frå du rett, – det ordnar seg!

    Klem tilbake!

    Comment av hugen | juli 6, 2009 | Svar


Kommenter innlegget