Påskeegga blir firkanta i år

Påskeegga blir firkanta i år.
Eggeglas og teskei trengst ikkje,
men ver klar med skjerefjøl og ostehøvel.
9 kommentarar »
Kommenter innlegget
-
Siste
-
Lenkjer
-
Arkiv
- november 2009 (1)
- oktober 2009 (4)
- september 2009 (4)
- august 2009 (4)
- juli 2009 (3)
- juni 2009 (3)
- mai 2009 (3)
- april 2009 (5)
- mars 2009 (4)
- februar 2009 (2)
- januar 2009 (3)
- desember 2008 (3)
-
kategoriar
-
RSS
Innlegg RSS
Kommentarar RSS


I denne påskekrimmen, som er Hugen sitt motsvar til bloddryppande fæle angsthistorier, kan eg røpe litt meir: Eg var på åstaden i dag, og spesialmedhjelparane mine hadde opna den raude containeren, og absolutt forbløffa måtte eg berre å slå fast: Der fanst ikkje eit einaste firkanta egg inni der. Men greier du å gjette kva som gjekk føre seg? Hmmm? Kva sa du?
Kan det vere at skåpsprengjaren og påskeharen hadde kaffimat der inne?
Du er på sporet, John Inge, trur eg. Men attåt dei to kjendisane du nemner, så sit der temmeleg sikkert også ein tredje kjendis (ei kjendise) attmed kaffibordet der inne. Denne tredje kjendisen er ein mega-kjendis og svært upopulær, for å seie det mildt. Ho har førebels ikkje plaga lokalmiljøet så ille, men er ei global heks som med jamne mellomrom toppar overskriftene over alt på vår store vesle jord.
Kari Krise?
Godt forslag, John Inge! Vi kan ha namnet Kari Krise som dekknamn og som arbeidshypotese. Men problemet klakar på seg: Konteineren er ikkje tilhald (meir eller mindre periodisk) for berre ei og berre ei kjendise, men vi må forhalde oss til ei kjendise nr 2 (om det ikkje dukkar oppe enda fleire). Vi treng derfor eit dekknamn til. Og med det same: Kva observasjonar har du sjølv, eller andre, gjort på åstaden? Forbipasserande påstår at dei har høyrt musikk frå konteineren!
Dette er eit mysterium. På musikken å døme skulle ein kanskje tru det var ei Kari med anna fornamn som gøymte seg derinne, men etter å ha snike meg inn på konteineren og deretter vorte jaga av ein langhåra bergenser, er eg ikkje like sikker lenger. Er det ikkje mogleg gå frå dør til dør på nabokonteinerane? Kanskje dei har sett noko?
At det høyrest musikk, kan (eg seier “kan”) vere eit godt spor, men samtidig må vi hugse på at musikk er også mykje brukt i propagandasamanheng og hypnotisering av søppelrotter. At det foregår saker og ting i alle konteinarane, er skremmande: Vi kan stå framføre eit forsøk på å etablere ein bergensk busetnad, – og dette i ei av “ur-ræsene” i gamle Halkjelsvik! Minst tre etterforskarar må setjast på å forhøyre seg hos konteinarfirma i heile Norden om det er tinga større parti til Sunnmøre. Men vi kan stå overfor ei utspekulert felle: Viss vi trur at bergensarar finn seg i noko som er firkanta, sit vi klisteret, eller som Kallemann og Amandus ville ha sagt det i den gamle barnetimen på Bergen lokal om torsdagane: “Gå te pisis!”
Er ein skvetten av seg, ser det ut som det er best å grave seg ned og ligge der til påska er over.. Eg for min del, tek med meg mysteriet i Bakkedalen, så får me sjå om eg får nye vinklingar på saken der.
Du er i alle fall ikkje skvetten av deg som tek med deg mysteriet i sekken og dreg i Bakkedalen! Men slik er det med proffe detektivar, – dei kan kunsten å la saka få arbeide med si eiga tyngd i staden for å tyne seg sjølv til siste trevl. Elles veit du vel vegen til Huldresteinen der oppe i Bakkedalen? God tur! #;-)