Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Livssoga i sirkelskrift

stubbe-b500

Storetreet måtte til slutt leggast i bakken.  Soga om livet for treet står skrive på stubben i snirklete knudrete sirkelskrift – om tidene var gode eller knappe, om år etter år som gjekk, og med ei helsing til oss andre om å frimodig leve vidare, om å stå han av!

april 30, 2009 Posta av hugen | Uncategorized | | No Comments Yet

I emning

hegg

Heggen emnar seg til å blomstre. Det går mot pinse.

(Bildet attåt diktet “Stenduen” i spalta til høgre  viser hegg i blomstring. Eit bilde som eg trur eg tok i fjor.)

april 21, 2009 Posta av hugen | Uncategorized | | 3 kommentarar

Våren til sjøs

paskesiglar-b395

Så skjer det igjen: Utsikta frå kjøkenglaset blir prega av det eventyrlege!

Skib o’hoi! Kven er du?

Han låg der berre ei stund utover påskedagsmorgonen før han letta anker og styrte utover fjorden – for motorkraft. For mange mange år sidan var dette sjølve draumen, men ein kom berre ein einaste gong så langt at ein fekk prøve ein par timars seilas, – lydlaus framdrift, men gjorde god fart.

Har du prøvd deg på bølgjan blå? Ønskjer du deg ut  på eit tokt?

april 16, 2009 Posta av hugen | Uncategorized | | No Comments Yet

Fedrane kyrkje og ferjeleie

ferjeleie2

Volda kyrkje og ferjekaia på Vikeneset (april 2009)

april 9, 2009 Posta av hugen | Uncategorized | | No Comments Yet

Påskeegga blir firkanta i år

 

paskeegg1

Påskeegga blir firkanta i år.

Eggeglas og teskei trengst ikkje,

men ver klar  med skjerefjøl og ostehøvel.

april 2, 2009 Posta av hugen | Uncategorized | | 9 kommentarar