Leo Tolstoj

Ein gong for lenge sidan: “Krig og Fred” var ein fullstendig floke av lange russiske namn, og personane hadde gjerne også kjælenamn, – og eg vart “sett ut”. Så ein dag for ikkje lenge sidan: Kanskje skal eg prøve igjen å lese “Krig og Fred”? Og denne gongen vart det ein FEBER! Drivande forteljing med høgt spenningsnivå. Ikkje la deg skremme av dei lange namna, men stå på og du kjem i gang og du greier ikkje å stoppe.
Så låg ei anna Tolstoj-bok der: “Kosakkene”. Teikninga ovanfor er frå omslaget. Knapt 200 små sider. Nokon har sagt at dette er den beste boka Tolstoj har skrive, – kanskje, men i alle fall ei vakker og rå historie. Og Tolstoj er ikkje berre ein fantastisk forteljar, men han er også dokumentarisk i ein berande del av innhaldet.
Og kva no? Må eg også lese “Anna Karenina”?
Dobbel fase?
Kva fase er no dette? Halv – eller ein og ein halv?

-
Siste
-
Lenkjer
-
Arkiv
- november 2009 (1)
- oktober 2009 (4)
- september 2009 (4)
- august 2009 (4)
- juli 2009 (3)
- juni 2009 (3)
- mai 2009 (3)
- april 2009 (5)
- mars 2009 (4)
- februar 2009 (2)
- januar 2009 (3)
- desember 2008 (3)
-
kategoriar
-
RSS
Innlegg RSS
Kommentarar RSS


