Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, – vil prøve!

Vakkerdalen

Vakkerdalen heiter det visst mange stader i verda. Desse bilda er frå Vakkerdalen som også heiter Munkebotten og ligg på veg frå Blåmannen og vidare ned til Sandviken – i Bergen, då veit du. Hugen takkar for vakre bilde frå A.M.

 

august 27, 2008 Posta av hugen | Uncategorized | | No Comments Yet

Ein god sommar har det vore

Ein storarta sommar er på hell, – og ein lovande haust er i kjømda. Det har vore mange gode dagar for kropp og sinn, – helsa og modet modnast og styrkjest. Dette for å melde at det står bra til!

No har eg vore på Sunndalsøra og i Sunndalen og sett dei vakre og store åkrane med korn og poteter, – og dei dramatiske fjella (bildet under). Eit høgdepunkt var familiesamlinga på jaktslottet Alfheim i Grødalen (bildet over) som  lady Arbuthnott var byggherre for.

http://www.kntur.no/sunndalens_ukronede_dronning.htm

 

 

 

august 23, 2008 Posta av hugen | Uncategorized | | 3 kommentarar