musikken er slått av
musikken er slått av
—
den mørke bordplata
eit hav av natt
du legg dine kvite hender opp
eg legg mine kvite hender opp
—
sakte skyv eg eit ord over til deg
sakte skyv du ordet tilbake
spelet er i gang
vi skyv orda fram og tilbake
over det svarte havet
til lenge etter at musikken
er slått av
—
mellom deg og meg blir ingenting sagt
—
Av Marit Kaldhol i samlinga “den einaste kjolen”
For større bilde: http://www.hugen.no/album/album23.htm


