Eg har sett ein mår!
Kor makelaust heldig eg var i dag, - eg fekk sjå ein mår! Den første levande og heile og naturlege måren eg har sett med mine eigne auge.
Det gjekk slik til: Eg var ute og steig litt ikring huset i opphaldsveret, laga meg til å hente ut plenklipparen. Med det same kastar eg eit blikk bortover i skogen som står tett opptil tomta, og der eg har hengande eit par fugleholkar. Og der, oppå toppen av den næraste holken der svart-kviten har flytta inn, der låg eit dyr eg aldri har sett før, men eg visste heilt klart og sikkert med ein gong at det var ein mår. Han låg skinnflat nedåt fuglekassa, dei trekantforma øyro stod ut frå det vesle hovudet. Den lange bustete halen hang som eit pølseaktig slips nedover langs sida av holken. Han var lys brun. Ein augneblink tenkte eg at det kunne vere ein katt, men dette var ingen katt, nei! Der låg han, måren, tett ved innflygingsholet i holken, klar til å slå kloa i svart-kviten, - enten han no skulle vere på veg ut eller inn. Kamera! var det ein tanke som kviskra tynt og hjelpelaust, men det var jo ikkje til å tenkje på. Så gjorde eg tabben, flytta meg over til det andre hjørnet av skjolet, for å kome han nærare. Da eg titta fram på det andre hjørnet, var han vekk.
Så var det rett inn og sjekke i dyrebøker, og alt stemte: Eg hadde sett ein mår!
Da eg kom ut att, gol gauken. Han høyrer eg ikkje så ofte her på Bjørke som heime i mi barndoms bygd. Men dette var det flottaste og gladaste ko-ko eg har høyrt! - og det var det første i år.
Av bøkene forstår eg at måren er heller sjeldan og er i ferd med å forsvinne mange stader. Eller held han på å ta seg opp att? Kor vanleg er det å sjå han i Hjørundfjorden, eller der du bur?
(Teikninga er kopiert frå Norges dyr, Cappelen, 1972.)
Har søkt på “mår” på nettet, og det dukkar opp fleire bilde. Her to av treffa:
Takk vere tinga
Morgonen når tinga igjen vaknar
til liv, når lågt lys skin frå
mahognien, sølvtøyet, porselenet,
brødet igjen byrjar å lukte av brød,
den blomstrete tekanna av te,
lufta av gamle menneske,
når det høyrest ei mumling i det dødsstille rommet,
Herre, signe denne dagen òg,
i all æve, amen.
Frå samlinga “Ei verd utanfor meg sjølv” av Rutger Kopland. Gjendikting frå nederlandsk ved Finn Øglend.
————————————————–
Stenduen
Et lyspust berører min skulder
i ly av en stendues hvite vinger
i lys av en marmorfugls bøyde hode
blir jeg alene med talghvite blomster
ved inngangen til en allé av graner
står min barndoms magnoliatre.
(av Astrid Hjertnenæs Andersen i diktsamlinga Pastoraler)
-
Recent
-
Links
-
Archives
- April 2008 (1)
- January 2008 (1)
- December 2007 (2)
- October 2007 (1)
- July 2007 (2)
- June 2007 (5)
- May 2007 (3)
- April 2007 (2)
- March 2007 (3)
- February 2007 (3)
- January 2007 (4)
- December 2006 (4)
-
Categories
-
RSS
Entries RSS
Comments RSS





