Der alle kjenner alle?
Det heiter seg gjerne at “i små bygder kjenner alle alle”. Er det slik?
Eg er innflyttar, kom til Bjørke for 32 år sidan. Her har eg vore lærar og hatt ei stor kontaktflate og har etter kvart tenkt akkurat denne tanken: Her kjenner alle alle. - Under arbeidet med Prillar-Guri året er det ein lærdom som allereie har slått tydeleg inn: Nei, ver ikkje så sikker på det.
Det viser seg nemleg at sjølv om eg har hatt sei 40-45 årgangar av ungdommane her som elevar, så er det slett ikkje sikkert at desse årgangane kjenner kvarandre.
Så, altså: Også i “små bygder” vert åra etter kvart også her i bygda til mange år, og gjer at heller ikkje her er det slik at alle kjenner alle.
Kan det vere ei sak for ei bygdemobilisering å gjere orda “alle kjenner alle” til noko som i alle fall nesten er sant? Eller er det naturleg og slik vi trivst best med det, at vi kjenner slett ikkje alle?
Foto: E.K.
NB! Du er velkomen til ein lokalblogg på: http://prillarguri.wordpress.com





