Hugen blogg

Høyrt så mykje om blogg, - vil prøve!

Når båten er borte

flytebrygge.jpg

Når båten er borte, ansar ingen på bryggja.

Januar syng på siste verset, og det har kome meir snø.

Rentefoten tok støvelen på.

Rikeleg med kuldegrader på lager.

Men, såmenn! Prillar-Guri har opna blogg: http://prillarguri.wordpress.com

 

January 25, 2007 Posted by hugen | Uncategorized | | 2 Comments

porto

frimerketj.jpg 

Hmmm… Eit frimerke, som også er sett til å vere eit brev?

(Og no er frimerket presentert i litt større format enn første gongen.)

January 17, 2007 Posted by hugen | Uncategorized | | 8 Comments

pære + ferje = 4 spørsmål

ferja1.jpg

Hadde fått nytt kamera. Gjekk der og sveiva og sikta og skulle teste. Eit bilde her og eitt der. Og så dette. Ferja på fjorden gjennom greinene på pæretreet.

 Er tunnellar betre enn ferjer? Er internett farleg? Er økomat lureri? Likar du pærer?

January 10, 2007 Posted by hugen | Uncategorized | | 25 Comments

Hegra og dei andre fuglane

hegra.jpg

Hegra, dette suverent elegante stankelbeinvirvaret av venger og hals og føter, er ein kjær og nær nabo. Bildet er ikkje meint som mobbing, - det er berre det beste bildet eg har greidd å ta til no av denne djuptenkte og sky fuglen. Koss er det med fugl der du held til?

http://www.it-photo.com/serier_heronhunting.html

(trykk på bilda for større format)

 

January 3, 2007 Posted by hugen | Uncategorized | | 14 Comments