Ting eg fatta for seint
Både Sexy Sadie og Beate har “tagga” meg utan at eg torde å seie at eg ikkje forstod kva dei meinte, men no sløkkjer eg lyset og lar det stå til.
1. Eg fattar enda ikkje koss eg skal linke og pinge og tagge – og kva er å meme?
2. Eg las i min yngste ungdom ei “Månedens bok” i Det Beste om ein amerikanar som var far til12 ungar. Han var ein berømt rasjonaliseringsekspert, stadig ute på foredrag og reiser. Kvar gong han kom heim, hadde han alltid eit dusin av ei sameleis gåve som ungane skulle få – f.eks. eit dusin kulepennar. Rett som det var fekk ungane også kvar sin sjokola-deis. Bindestreken tipsar om koss eg las ordet. Det var da svært koss denne snille faren deiste til ungane sine! Det gjekk fleire år før eg kom på flytte bindestreken to hakk bakover.
3. På boksen til ei vare stod det at ein måtte “påse” å setje loket på att. Eg forstod det slik at dei hadde feilskrive ordet, og eg lo godt av skrivefeilen. Der skulle nok eigentleg stå “pose”, – utan at det plaga meg at eg framleis ikkje forstod kva ein skulle pose, men eg var sikker på at eg var eit steg nærare løysinga.
4. Slemme vers og ulovlege songar forstod eg alltid og utan vidare med ein einaste gong.
5. På mine vaksne dagar ville eg lære meg litt botanikk og la merke til planten som heitte “myrk-legg”. Seinare vart eg ein gong søkkblaut på føtene og forstod at planten kanskje heitte “myr-klegg?
6. Eg har aldri forstått kvifor det ikkje skal vere råd å få FN opp å gå.
(Så slepper eg denne memen vidare på si ferd, og han får altså sjølve linke og pinge og tagge sin veg.)
7 kommentarar »
Kommenter innlegget
-
Siste
-
Lenkjer
-
Arkiv
- november 2009 (1)
- oktober 2009 (4)
- september 2009 (4)
- august 2009 (4)
- juli 2009 (3)
- juni 2009 (3)
- mai 2009 (3)
- april 2009 (5)
- mars 2009 (4)
- februar 2009 (2)
- januar 2009 (3)
- desember 2008 (3)
-
kategoriar
-
RSS
Innlegg RSS
Kommentarar RSS



Takk Enok, dette var godt å lese her en formiddag. Både at du forsto de reglene jeg ikke forstå, om myr og klagg og poser.
Ping og pang og slikt derimot. Vi forsøker igjen:
Trykk på “edit” under denne posten. Inne i editoren så drar du musa over “sexy“, slik at du merker ordet, på somma måte som du gjør det i word når du skal f.eks utheve noe. Når du har merket ordet, så ser du oppe på vertøylinja, og trykker på det lille bildet av kjetting, dvs ikon nr 11. Da får du opp en liten rute, og i den ruta skriver du inn sexy sin url/nettadresse. Avslutt med å trykke på “insert”.
Eventulet kan du linke på den vanlige html-måten, da trykker du bare på “html” over boksen du skriver i.
Takk Beate! Har sansen for å lære ved å prøve og feile, – og no prøver eg igjen.
Der ble det jo riktig i kommentaren? Om du gjør det samme i selve innlegget så tror jeg kanskje et blir en automatisk pinging og.
I alle fall om du linger til et bestemt innlegg, ikke til hele bloggen, jeg tror det kommer et ping til kommentatorfeltet. Forsøk å legge inn denne url-en, så får vi se hva som skjer:
http://beatesrasteplass.wordpress.com/2006/10/17/ting-jeg-fattet-for-seint/
Men hvem tagget du, da? (Hvem sender du ballen videre til for at de skal svare på hva de fattet for sent?!)
Oj, Olava, det fatta eg for seint! Men kven skal vel eg tagge til? Eller, men vent – koss er det med deg, du? Er du blitt tagga? Viss ikkje, blir du tagga her og no, – og viss du er blitt tagga før, så blir du hermed dobbeltagga, med takk for påminninga! #;-)
Joda, Beate har allerede tagget meg på denne
http://olava.wordpress.com/2006/10/18/ting-jeg-fatta-for-seint/